Pensjonisttreff for medlemmer i Utdanningsforbundet Vestland

Dato for treffet er 02. – 03. november 2021.

Pensjonistrådet har no gleda av å invitere pensjonistmedlemmer til eit treff på          Hotel Alexandra i Loen. Dato for treffet er 02. – 03. november 2021.

Det vert både kulturelt og fagleg innhald. Vi møtest tysdag ettermiddag, og frå kl. 17.00 blir det servert kaffi med noko attåt. Deretter samlast me til opning og kåseri ved Terje Lyngstad. Etter middag vert det kveldskonsert med Steinar Engelbretkson og tid til sosialt samvær. Onsdag vert det føredrag med Helga Hjetland om arbeidet for fagforeininga og med Ove Eide om Jakob Sande. I tillegg vert det informasjon om forsikringar og medlemsfordelar, før samlinga vert avslutta med lunsj.

Påmelding: https://www.utdanningsforbundet.no/fylkeslag/vestland/kurskalender/