Kva meiner listetoppane?

Vi har utfordra listetoppane i Hordaland og Sogn og Fjordane i problemstillingar knytt til skule, barnehage og lønnspolitikk. Her kan du lese kva dei har svart.

Vi stilte listetoppane tre spørsmål:

Skule

I dag står det tusenvis i klasseromma og underviser i grunnskule og vidaregåande opplæring utan godkjent lærarutdanning. Dette er det mange grunnar til og mange ulike tiltak kan gjerast for å betre på situasjonen. Nemn dei tre viktigaste tiltaka de vil arbeide for i kommande stortingsperiode for å auke rekrutteringa til læraryrket?

Barnehage

Dagens pedagog- og bemanningsnorm i barnehagen er ikkje reell. Lang opningstid, møter, pausar og fråvær gjer til at borna i store deler av dagen har få vaksne rundt seg. Kva vil ditt parti gjere for å sikre at born har tilstrekkeleg pedagog- og vaksentettleik for å gi eit forsvarleg pedagogisk tilbod heile dagen?

Lønn

Kvinnedominerte høgskulegrupper i offentleg sektor (lærar i skule og barnehage, sjukepleiarar, spesialpedagogar osv) ber velferdsstaten på sine skuldrer. Kva er ditt parti si løysing på å få utlikna lønnsforskjellen mellom dei og mannsdominerte yrke i privat sektor?

Følg lenkene til svara frå partia.

Marte Mjøs Persen (Hordaland) og Torbjørn Vereide (Sogn og Fjordane)

Arbeiderpartiet.png

Foto: Arbeiderpartiet

Skule

I dag står det tusenvis i klasseromma og underviser i grunnskule og vidaregåande opplæring utan godkjent lærarutdanning. Dette er det mange grunnar til og mange ulike tiltak kan gjerast for å betre på situasjonen. Nemn dei tre viktigaste tiltaka de vil arbeide for i kommande stortingsperiode for å auke rekrutteringa til læraryrket?

1.      Betre tid og meir tillit. Ap vil innføre ein tillitsreform som fjernar unødvendig rapportering og byråkrati for dei tilsette, og gir meir tid til læring og oppfølging av elevane.

2.      Fleire kvalifiserte lærarar. Lærarmangelen i skolen er aukande. For Ap  er det viktig at alle elevar får lærarar som er kvalifiserte og har tid til dei. Vi vil rekruttere, utdanne og behalde fleire kvalifiserte lærarar over heile landet, og starte ein nasjonal rekrutteringskampanje.

3.      Heve statusen. Ap vil erstatte det meiningslause mattekravet med meir treffsikre opptakskrav. Vi vil behalde kompetansekrava, men fjerne «avskiltinga» av erfarne lærarar. Vi vil garantere fortsatt storsatsing på kompetanseutvikling for lærarar i skulen og utvide moglegheitene til etter- og vidareutdanning til fleire fag. Saman med tillitsreformen vil det gjere yrket meir attraktivt.

Barnehage 

Dagens pedagog- og bemanningsnorm i barnehagen er ikkje reell. Lang opningstid, møter, pausar og fråvær gjer til at borna i store deler av dagen har få vaksne rundt seg. Kva vil ditt parti gjere for å sikre at born har tilstrekkeleg pedagog- og vaksentettleik for å gi eit forsvarleg pedagogisk tilbod heile dagen?

1.      Fleire pedagogar. Ap vil jobbe for at minst halvparten av dei tilsette i alle barnehagar som jobber direkte med barna, er barnehagelærarar, og auke andelen fagarbeidarar.

2.      Styrke kvaliteten i barnehagen. Ved å stille krav til vikarbruk, stadleg leiar og gjennomgå korleis tida tilsette må bruke til planlegging, foreldrekontakt og andre administrative oppgåver reknast med i bemanningsnorma.

3.      Styrke kompetanseutviklingstilbudet for alle tilsette, fordi kompetansen til dei tilsette er den viktigaste kvalitetsfaktoren i barnehagen. Vi vil styrke kompetanseutvikling for fagarbeidarar, og legge til rette for at fleire får ta fagbrev på jobb. 

Lønn

Kvinnedominerte høgskulegrupper i offentleg sektor (lærar i skule og barnehage, sjukepleiarar, spesialpedagogar osv) ber velferdsstaten på sine skuldrer. Kva er ditt parti si løysing på å få utlikna lønnsforskjellen mellom dei og mannsdominerte yrke i privat sektor?

Det er for store lønnsforskjellar i Noreg. Både mellom dei som har mest og dei som har minst, og mellom kvinner og menn.

1.      Ap vil gi alle rett til ei heil og fast stilling. Alt for mange kvinner jobbar deltid, sjølv om dei ville takka ja til ei større stilling om dei fekk tilbod om det. Vi setter av en eigen pott på statsbudsjettet for gi alle rett til heiltid.

2.      I tillegg vil vi ha pensjon frå første krone, fordi vi veit at kvinner er dei som tapar mest på dagens pensjonspolitikk.

3.      Skatt. Vi setter ned inntektsskatten for alle med inntekt på under 750.000kr, medan dei som tener meir må betale litt meir i skatt. Dette vil gi eit meir rettferdig skattesystem.


Olve Grotle (Sogn og Fjordane) og Erna Solberg (Hordaland) 

Høgre.png

Foto: Høyre

Skole

I dag står det tusenvis i klasseromma og underviser i grunnskule og vidaregåande opplæring utan godkjent lærarutdanning. Dette er det mange grunnar til og mange ulike tiltak kan gjerast for å betre på situasjonen. Nemn dei tre viktigaste tiltaka de vil arbeide for i kommande stortingsperiode for å auke rekrutteringa til læraryrket?

Lærere har en av Norges viktigste jobber. For at vi skal lykkes som samfunn, trenger vi gode lærere i skolen som kan gi elevene det beste utgangspunktet de kan for veien inn i arbeidslivet. Skal vi få verdens beste skole trenger vi flere dyktige og engasjerte lærere i skolen. Dette er Høyres tre viktigste tiltak:

1.      Gi flere ukvalifiserte lærere mulighet til å ta utdanning på deltid og styrke veiledningen av nyansatte lærere slik at flere blir i yrket.

2.      Fortsette å fjerne unødvendig byråkrati og rapporteringskrav i skolen slik at lærere kan konsentrere seg om god undervisning, kollegasamarbeid og tilpasset opplæring

3.      La alle lærere få tilbud om etter- og videreutdanning og fortsette arbeidet med å etablere nye karriereveier i skolen, blant annet ved å videreføre nye stillingskategorier som lærerspesialist.

På den måten gir vi lærerne et faglig løft og et statusløft, samtidig som vi sikrer kunnskapsrike og faglig oppdaterte lærere i norske klasserom.

Barnehage

Dagens pedagog- og bemanningsnorm i barnehagen er ikkje reell. Lang opningstid, møter, pausar og fråvær gjer til at borna i store deler av dagen har få vaksne rundt seg. Kva vil ditt parti gjere for å sikre at born har tilstrekkeleg pedagog- og vaksentettleik for å gi eit forsvarleg pedagogisk tilbod heile dagen?

Trygge rammer er viktig. For at barnehagebarn skal få den oppfølgingen de trenger, er det viktig med nok kvalifiserte ansatte som kan se dem, gi omsorg og stimulere til lærelyst og utforskertrang. Ansatte med god kompetanse med nære relasjoner til barna er avgjørende for en god start på utdanningsløpet. Høyre har som mål at andelen barnehagelærere og pedagoger skal bli 50 prosent. Vi må:

1.      sikre at flere barnehageledere tilbys pedagogisk ledelsesutdanning, og utvikle flere karriereveier for barnehageansatte, etter modell av lærerspesialistordningen

2.      videreføre kravet om norskkunnskaper for barnehageansatte og øke muligheten for norskopplæring på arbeidsplassen

3.      gi flere ansatte i barnehagene etter- og videreutdanning

4.      Fortsette med god kommuneøkonomi slik at kommunene kan sikre en tilstrekkelig god bemanning

Lønn

Kvinnedominerte høgskulegrupper i offentleg sektor (lærar i skule og barnehage, sjukepleiarar, spesialpedagogar osv) ber velferdsstaten på sine skuldrer. Kva er ditt parti si løysing på å få utlikna lønnsforskjellen mellom dei og mannsdominerte yrke i privat sektor?

Høyre satser på økt kompetanse gjennom en rekordstor satsning på etter- og videreutdanning og nye karrieveier som lærerspesialistordningen. Økt kompetanse og mer utdanning gir grunnlag for økt lønn. For å gjøre det mer attraktivt å jobbe i kvinnedominerte yrker som sykepleier, lærer osv er lønn absolutt et viktig element. Høyre har tillit til at partene i arbeidslivet forhandler dette på en slik måte at både arbeidsgiver og arbeidstaker blir godt ivaretatt.


Erling Sande (Sogn og Fjordane) og Kjersti Toppe (Hordaland)

blobid0.png

Foto: Ragne B. Lysaker og Senterpartiet

Skule

I dag står det tusenvis i klasseromma og underviser i grunnskule og vidaregåande opplæring utan godkjent lærarutdanning. Dette er det mange grunnar til og mange ulike tiltak kan gjerast for å betre på situasjonen. Nemn dei tre viktigaste tiltaka de vil arbeide for i kommande stortingsperiode for å auke rekrutteringa til læraryrket?

Ein god skule startar med ein god lærar, og for Senterpartiet er det tre ting som er særleg viktig for å auke rekrutteringa:

·         Lærarar må få meir tid og tillit til å vere lærarar. Vi vil redusere tidstjuvane som føl av målstyring og byråkrati og gjer at lærarar må bruke mykje tid på rapportering og dokumentasjon. Senterpartiet har tillit til profesjonsutøvarane og vil gje lærarane handlingsrom til å prioritere meir tid med elevane.

·         Rimelege kompetansekrav. Senterpartiet ynskjer inntak til lærarutdanning basert på eit snitt av karakterar i alle fag. Vi ynskjer kompetansekrav til lærarar, men ikkje med ei tilbakeverkande kraft som fjernar mange erfarne lærarar frå skulen. Utdanninga skal ha høg kvalitet og vi vil arbeide for at alle lærarar for tilbod om etter- og vidareutdanning.

·         Styrke den desentraliserte lærarutdanninga. Dersom vi skal auke rekrutteringa av lærarar i heile landet, er det avgjerande å oppretthalde og styrke eit desentralisert utdanningstilbod.

Barnehage

Dagens pedagog- og bemanningsnorm i barnehagen er ikkje reell. Lang opningstid, møter, pausar og fråvær gjer til at borna i store deler av dagen har få vaksne rundt seg. Kva vil ditt parti gjere for å sikre at born har tilstrekkeleg pedagog- og vaksentettleik for å gi eit forsvarleg pedagogisk tilbod heile dagen?

Senterpartiet vil fullfinansiere bemannings- og pedagognorma med statleg tilskot til kommunane. Pedagognorma må utformast forholdsmessig etter talet på barn. Vidare er det viktig at den faglege kvaliteten vert sikra gjennom pedagogiske leiarar som vert gjeve tillit og tar ansvar for innhaldet i barnehagen innanfor ein nasjonalt fastsett rammeplan.

Løn

Kvinnedominerte høgskulegrupper i offentleg sektor (lærar i skule og barnehage, sjukepleiarar, spesialpedagogar osv) ber velferdsstaten på sine skuldrer. Kva er ditt parti si løysing på å få utlikna lønnsforskjellen mellom dei og mannsdominerte yrke i privat sektor?

Lik løn for likeverdig arbeid er eit viktig mål. Senterpartiet vil arbeide for eit likelønsløft som bidreg til å tette lønsgapet mellom typiske kvinne- og mannsyrke. Vi må nytte handlingsrommet den norske modellen gjev politikarar til å legge forventingar og føringar til likeløn og eit arbeidsliv i balanse.


Hege Lothe (Sogn og Fjordane) og Audun Lysbakken (Hordaland)

SV.png

Foto: SV

Skule

I dag står det tusenvis i klasseromma og underviser i grunnskule og vidaregåande opplæring utan godkjent lærarutdanning. Dette er det mange grunnar til og mange ulike tiltak kan gjerast for å betre på situasjonen. Nemn dei tre viktigaste tiltaka de vil arbeide for i kommande stortingsperiode for å auke rekrutteringa til læraryrket?

Det er alt for mange unge lærarar som fell frå dei fyrste åra i læraryrket. Det må vi gjere noko med.

Kort fortalt meiner SV at dei tre viktigaste tiltaka er:

Fjerne 4-ararkravet i mattematikk for å får eit meir breitt og rettferdig opptakssystem, og stogge avskiltinga av erfarne lærarar
Vi vil ha obligatorisk veiledning for nyutdanna lærarar både for barnehagar, barneskule og vidaregåande skule og høgare løn
Utdanne fleire lærarar både på heiltid og deltid der det trengst i distrikts-Noreg. Det er viktig for oss at lærarutdanninga på Høgskulen på Vestlandet er solid, spesielt er det viktig med utdanninga i Sogndal, Stord og Bergen.

Barnehage

Dagens pedagog- og bemanningsnorm i barnehagen er ikkje reell. Lang opningstid, møter, pausar og fråvær gjer til at borna i store deler av dagen har få vaksne rundt seg. Kva vil ditt parti gjere for å sikre at born har tilstrekkeleg pedagog- og vaksentettleik for å gi eit forsvarleg pedagogisk tilbod heile dagen?

SV vil ha fleire barnehagelærarar og tilsette. For å støtte opp under utviklinga til borna må barnehagen ha høg kompetanse og tilstrekkeleg bemanning. 
SV vil fullfinansiere og styrke bemanningsnorma. For at bemanninga skal vere reell og merkast ute i den enkelte barnehage, må den gjelde heile opningstida til barnehagen. Minst 50 prosent av dei tilsette i barnehagen skal vere barnehagelærarar, og minst 25 prosent skal vere fagarbeidarar.
Det skal vere eit lovfesta krav om ein styrar i alle barnehagar. SV vil få inn i barnehagelova at storleiken på barnehagegruppa skal vere forsvarleg.

SV vil at pengane skal gå til borna, ikkje til profitt. SV vil endre lovverket slik at all offentleg støtte og foreldrebetaling skal kome borna i barnehagen til gode.

Lønn

Kvinnedominerte høgskulegrupper i offentleg sektor (lærar i skule og barnehage, sjukepleiarar, spesialpedagogar osv) ber velferdsstaten på sine skuldrer. Kva er ditt parti si løysing på å få utlikna lønnsforskjellen mellom dei og mannsdominerte yrke i privat sektor?

SV vil at staten skal ta initativ til eit trepartssamarbeid med organisasjonane i arbeidslivet for å fremme heiltida, likeløn og tiltak mot eit kjønnsdelt arbeidsliv.
SV vil arbeidet for at det vert fastsett forpliktande likelønsplanar i alle offentlege verksemder.
SV vil sikre lovfesta og reell rett til heiltid, og fridom gjennom turnusordningar som gjer det mogleg å kombinere familieliv og heiltidsarbeid.


Dag Inge Ulstein (Hordaland) og Tore Storehaug (Sogn og Fjordane)

Krf.png
Foto: KrF

Skule

I dag står det tusenvis i klasseromma og underviser i grunnskule og vidaregåande opplæring utan godkjent lærarutdanning. Dette er det mange grunnar til og mange ulike tiltak kan gjerast for å betre på situasjonen. Nemn dei tre viktigaste tiltaka de vil arbeide for i kommande stortingsperiode for å auke rekrutteringa til læraryrket?

For KrF er skolen et sted som skal gi alle barn kunnskap og grunnleggende ferdigheter, opplevelse av mestring og stimulere livslang lærelyst. Samtidig skal skolen ha et bredt syn på kunnskap og kompetanse. Skolen er samfunnets viktigste arena for sosial mobilitet, og det må være et mål at skolen bidrar til å redusere sosiale forskjeller. KrF vil sørge for at alle elever kan få støtte av trygge lærere, tilstrekkelige spesialpedagogiske ressurser og en forsterket skolehelsetjeneste. Skolen må ha rom for å ansette også andre relevante yrkesgrupper for å ivareta skole- og læringsmiljø. Problemstillingen dere peker på her, er vi helt enige i. Derfor har vi sagt at vi vil utarbeide en nasjonal handlingsplan for å rekruttere og beholde nok kvalifiserte lærere i grunnskolen og videregående opplæring. I tillegg vil vi endre opplæringsloven slik at alle elever får rett til kvalifiserte lærere i alle timer som regnes som opplæring.

Å være lærer en viktig oppgave, hvor hovedoppgaven er å undervise. Derfor må vi arbeide mot tidstyver, redusere rapportering og dokumentasjon. For bare et par år siden fikk KrF på plass en lærernorm for den norske skolen, noe vi er svært stolte av. Lærernormen krever at det er flærer lærere i norske skoler, og som en naturlig konsekvens av dette må flere velge å bli lærere.

For å rekruttere flere til læreryrket vil KrF:
1.  Legge til rette for desentralisert utdanning slik at man ikke må reise langt unna der man bor for å få utdanning som lærer.

2. Vi vil erstatte kravet om karakteren 4 i matematikk med et krav om 40 skolepoeng for å bli tatt opp til en lærerutdanning.

3. For å beholde flere i yrket og gjøre overgangen fra skolebenken til klasserommet bedre, vil vi videreutvikle mentorordningen KrF har fått på plass og gi alle nyutdannede barnehagelærere, lærere i grunnskolen og videregående skole rett til kvalifisert veiledning de første årene av sin lærerjobb.

4. Utarbeide en nasjonal handlingsplan for å rekruttere og beholde nok kvalifiserte lærere i grunnskolen og videregående opplæring. Planen bør inneholde en strategi for hvordan vi sikrer at lærere har formell kompetanse i faget de underviser i.

Barnehage 

Dagens pedagog- og bemanningsnorm i barnehagen er ikkje reell. Lang opningstid, møter, pausar og fråvær gjer til at borna i store deler av dagen har få vaksne rundt seg. Kva vil ditt parti gjere for å sikre at born har tilstrekkeleg pedagog- og vaksentettleik for å gi eit forsvarleg pedagogisk tilbod heile dagen?

KrF er opptatt av at alle barn skal ha en trygg og god oppvekst. Derfor er vi opptatt av stedet hvor barn oppholder seg mange timer i løpet av en dag. Mange barn har store deler av sin hverdag i barnehage og barnehagene må derfor ha et innhold som er på barnas premisser. Barnehagen skal være et trygt og godt sted for små barn å være. Det skal ikke være skole, men et sted der barnet får utvikle seg gjennom lek, samspill og kreativ utfoldelse. KrF er opptatt av at pedagognormen må fullfinansieres. Vi er stolte av at vi fikk på plass normen, og har også økt bevigningene for å følge den opp. Men vi er enda ikke i mål med at den skal være fullfinanserert og det vil vi fortsette å kjempe for. Det må vi for å sørge for at intensjonen bak normen faktisk følges opp, og for oss betyr det at vi ikke gir oss før det er en voksen per tre barn under tre år, en voksen per seks barn over tre år og en voksen per seks barn gjennom hele dagen.

1.         Vi vil øke andelen barnehagelærere i barnehagen til 50 prosent og mener at pedagognormen må fullfinansieres. Vi ser at det er langt til 50 pst enda, og i mange kommuner er pst så lav på 30 tallet. Dette må vi gjøre noe med.

2.         Vi vil følge opp og sikre fullfinansiering av bemanningsnormen for barnehager med en voksen per tre barn under tre år. Samtidig mener vi det bør sikres at det er en voksen per seks barn over tre år og en voksen per seks barn gjennom hele dagen.

Lønn

Kvinnedominerte høgskulegrupper i offentleg sektor (lærar i skule og barnehage, sjukepleiarar, spesialpedagogar osv) ber velferdsstaten på sine skuldrer. Kva er ditt parti si løysing på å få utlikna lønnsforskjellen mellom dei og mannsdominerte yrke i privat sektor?

Vi er et av verdens mest likestilte land, men vi har fremdeles et stykke å gå før vi har full likelønn mellom menn og kvinner, noe som skyldes flere forhold. Fra 1. januar 2020 styrket vi aktivitets- og redegjørelsesplikten i likestillings- og diskrimineringsloven. Arbeidsgivere har blant annet fått noen flere forpliktelser enn tidligere, som for eksempel å kartlegge kjønnsforskjeller i lønn og bruk av ufrivillig deltid. Vi er opptatt av å finne egnede tiltak som kan føre til et mindre kjønnsdelt utdannings- og arbeidsliv og minske lønnsgapet mellom kvinner og menn. Vårt hovedtiltak er å innføre en likelønnsstandard i samarbeid med partene i arbeidslivet innen 2024, der arbeidsgivere både i det private og det offentlige lovpålegges å gjennomføre lik lønn for likt arbeid og dokumentere dette (etter Islandsmodellen). Likelønn er nødvendig for å gi like pensjonsrettigheter for kvinner og menn.


Sofie Marhaug (Hordaland) og Geir Oldeide (Sogn og Fjordane)

Raudt.png

Foto: Rødt

Skule

I dag står det tusenvis i klasseromma og underviser i grunnskule og vidaregåande opplæring utan godkjent lærarutdanning. Dette er det mange grunnar til og mange ulike tiltak kan gjerast for å betre på situasjonen. Nemn dei tre viktigaste tiltaka de vil arbeide for i kommande stortingsperiode for å auke rekrutteringa til læraryrket?

-          Vi vil ha ein likelønspott for å sikre ei løn som gjør det meir attraktivt å vere lærar

-          Vi vil reversere avskiltinga av erfarne lærarar og skrote firarkravet i matematikk for å kome inn på lærarutdanninga.

-          Vi vil ha mindre klasser og reduksjon i undervisningstid for kontaktlærarane. Vidare vil vi fjerne unaudsynt dokumentasjon og rapportering, slik at lærarane har meir tid til elevane og til å forberede og gjennomføre undervisninga

Barnehage 

Dagens pedagog- og bemanningsnorm i barnehagen er ikkje reell. Lang opningstid, møter, pausar og fråvær gjer til at borna i store deler av dagen har få vaksne rundt seg. Kva vil ditt parti gjere for å sikre at born har tilstrekkeleg pedagog- og vaksentettleik for å gi eit forsvarleg pedagogisk tilbod heile dagen?

-          Vi vil styrke bemanningsnorma, med mål om ei norm på minst éin tilsett per to barn under tre år og minst éin tilsett per fem barn over tre år.

-          Vi vil at bemanningsnorma skal gjelde på gruppenivå og knytast opp til opningstida i barnehagen på 9 timer. Ved lengre opningstider skal bemanninga styrkast tilsvarande.

-          Vi vil innanfor dagens bemanningsnorm styrke barnehagelærarnorma slik at ein barnehagelærar ikkje skal ha ansvaret for meir enn seks barn under tre år og tolv barn over tre år, og når bemanningsnorma forbetrast ønskjer vi å sikre at minst halvparten av grunnbemanninga er barnehagelærarar

Lønn

Kvinnedominerte høgskulegrupper i offentleg sektor (lærar i skule og barnehage, sjukepleiarar, spesialpedagogar osv) ber velferdsstaten på sine skuldrer. Kva er ditt parti si løysing på å få utlikna lønnsforskjellen mellom dei og mannsdominerte yrke i privat sektor?

-          Vi vil ha ein likelønnspott for å sikre en lønn som gjør det meir attraktivt å være lærer, og vi stemte imot forslaget om tvungen lønnsnemnd i Stortinget før sommarferien. Vi er veldig kritiske til måten tvungen lønnsnemnd har blitt brukt på dei siste åra, og har foreslått å setje ned eit utval for å gjennomgå kva reell streikerett i offentlig sektor skal vere.

-          Vi meiner at kvinnedominerte yrke må kunne få meir i lønsoppgjer enn det ramma for frontfaga har gjort no.

-          Vi vil doble fagforeiningsfrådraget. Ein organisert sektor er ein føresetnad for å få lønsvekst.

-          Vi vil ha arbeidstidsreduksjonar ned mot 6-timars normalarbeidsdag, mellom anna for at fleire kan stå i full stilling.


Arild Hermstad (Hordaland) og Marius Dalin (Sogn og Fjordane)

Mdg.png

Foto: MDG

Skule

I dag står det tusenvis i klasseromma og underviser i grunnskule og vidaregåande opplæring utan godkjent lærarutdanning. Dette er det mange grunnar til og mange ulike tiltak kan gjerast for å betre på situasjonen. Nemn dei tre viktigaste tiltaka de vil arbeide for i kommande stortingsperiode for å auke rekrutteringa til læraryrket?

MDG vil:

·         Stille krav om at alle kommuner som ikkje har full lærerdekning utarbeider handlingsplaner for hvordan de skal sikre at elevene får undervisere med godkjent lærerutdanning

·         Øke grunnbevilgningen til lærerutdanningene, slik at det ekstra året som er lagt på grunnskolelærere blir fullfinansiert.

Videreføre tilbudet om videreutdanning for lærere og intensivere innsatsen for å sikre at tilbudet gir reell kompetanseheving for alle lærere i alle fag.

Barnehage

Dagens pedagog- og bemanningsnorm i barnehagen er ikkje reell. Lang opningstid, møter, pausar og fråvær gjer til at borna i store deler av dagen har få vaksne rundt seg. Kva vil ditt parti gjere for å sikre at born har tilstrekkeleg pedagog- og vaksentettleik for å gi eit forsvarleg pedagogisk tilbod heile dagen?

MDG vil sikre at bemanningsnormen gjelder for hele åpningstiden for barnehager, og gi barnehagepersonalet mer tid til individuell oppfølging av barna ved å redusere krav til unødvendig rapportering og dokumentasjon. Vi vil også styrke rekrutteringen av menn til barnehagen med mål om 25 prosent flere mannlige barnehagelærere innen 2030.

Lønn

Kvinnedominerte høgskulegrupper i offentleg sektor (lærar i skule og barnehage, sjukepleiarar, spesialpedagogar osv) ber velferdsstaten på sine skuldrer. Kva er ditt parti si løysing på å få utlikna lønnsforskjellen mellom dei og mannsdominerte yrke i privat sektor?

MDG vil praktisere prinsippet om lik lønn for arbeid av lik verdi og utrede ulike lønnsutjevnende tiltak til fordel for kvinnedominerte yrker. Vi vil også øke rekruttering av menn til typisk kvinnedominerte yrker, slik som barnehagelærer og grunnskolelærer. På mer generelt grunnlag arbeider vi for at de som ønsker det skal har rett til å jobbe heltid, og for å styrke økonomien for de med lav og middels inntekt. 


Helge André Njåstad (Hordaland)

Frp.png

Foto: FrP

Skule

I dag står det tusenvis i klasseromma og underviser i grunnskule og vidaregåande opplæring utan godkjent lærarutdanning. Dette er det mange grunnar til og mange ulike tiltak kan gjerast for å betre på situasjonen. Nemn dei tre viktigaste tiltaka de vil arbeide for i kommande stortingsperiode for å auke rekrutteringa til læraryrket?

Frp vil prioritere skolen og lærerutdanningene, og utvide den eksisterende tilskuddordningen til veiledning på lærerutdanningene. Frp vil også beholde karakterkravene for opptak, og arbeide for høyere lønn for lærerne.

Barnehage  

Dagens pedagog- og bemanningsnorm i barnehagen er ikkje reell. Lang opningstid, møter, pausar og fråvær gjer til at borna i store deler av dagen har få vaksne rundt seg. Kva vil ditt parti gjere for å sikre at born har tilstrekkeleg pedagog- og vaksentettleik for å gi eit forsvarleg pedagogisk tilbod heile dagen?

Frp er skeptiske til å detaljstyre barnehagesektoren for mye. En «one size fits all-løsning» er verken effektivt eller ønskelig, men Frp vil prioritere satsinger på kompetanseheving, gode og forutsigbare rammevilkår for barnehagene og styrking av lærerutdanningene.

Lønn

Kvinnedominerte høgskulegrupper i offentleg sektor (lærar i skule og barnehage, sjukepleiarar, spesialpedagogar osv) ber velferdsstaten på sine skuldrer. Kva er ditt parti si løysing på å få utlikna lønnsforskjellen mellom dei og mannsdominerte yrke i privat sektor?

Det må prioriteres bedre. Helse/omsorg, barnehage og skole er blant kommunenes kjerneoppgaver, og Frp vil prioritere disse områdene, slik at det kan bli rom for lønnsutvikling.


Sveinung Rotevatn (Hordaland) og Alfred Bjørlo (Sogn og Fjordane)

Venstre.png

Foto: Venstre

Skule

I dag står det tusenvis i klasseromma og underviser i grunnskule og vidaregåande opplæring utan godkjent lærarutdanning. Dette er det mange grunnar til og mange ulike tiltak kan gjerast for å betre på situasjonen. Nemn dei tre viktigaste tiltaka de vil arbeide for i kommande stortingsperiode for å auke rekrutteringa til læraryrket?

o   Vårt løfte for komande Stortingsperiode er at: «Alle barn og unge skal undervisast av ein kvalifisert lærar.» For å sikre det må vi satse ytterligare på etter- og vidareutdanning for lærarane. Det skal vi syte for.

o   Samstundes må vi stille klåre krav til kommunar og fylke i forskrift eller i lov si form som sikrar at dei sørgjer for at undervising berre skjer med kvalifiserte lærarar.

o   Vi har levert og sørga for at det etter- og vidareutdannast fleire lærarar enn nokon gong før. So langt har nærmare 50 000 lærarar fått tilbod om etter- og vidareutdanning med oss.

o   Vi har innførd ei lærarnorm og krav om Mastergradutdanning som allereie gjev mange fleire kvalifiserte lærarar. Høgare status kan følgje med det.

o   Det er tilset fleire lærarar og kvalifiserte lærarar i norsk skule enn nokon gong før.

Barnehage 

Dagens pedagog- og bemanningsnorm i barnehagen er ikkje reell. Lang opningstid, møter, pausar og fråvær gjer til at borna i store deler av dagen har få vaksne rundt seg. Kva vil ditt parti gjere for å sikre at born har tilstrekkeleg pedagog- og vaksentettleik for å gi eit forsvarleg pedagogisk tilbod heile dagen?

o   Vi innførde no nyleg ei norm for bemanning i barnehagane. Det har verka. Det er fleire tilsette i barnehagane no enn før. Vi må evaluere denne norma no fyrst å så bestemme oss for kva som er riktig veg vidare.

o   Nett no er det og ei høyring om systemet for finansiering av barnehagane ute som vil kunne påverke kva som er den beste løysninga for barnehagane, dei tilsette, barna og foreldra. «Du er henta», Storberget-utvalet si utgreiing.

o   Frå programmet vårt:

§  «Vi har fått gjennomslag for gratis kjernetid i barnehagen for familier med dårlig råd. Nå vil vi sørge for gratis heldagsplass for familier med dårlig råd, både i barnehage og SFO/AKS.

§  Det aller viktigste for å gi alle barn like muligheter, er barnehager av høy kvalitet. Da må vi sikre at det både er mange nok ansatte i barnehagene, og at det er flere barnehagelærere, flere fagarbeidere og flere med andre utdanninger som er relevante. Pedagognormen som ble innført i 2018 bør evalueres, og kravene til utdanning bør skjerpes. Målet vårt er å øke andelen barnehagelærere til over femti prosent i løpet av neste stortingsperiode, opp mot seksti prosent de neste ti årene. I tillegg vil vi arbeide for å rekruttere flere mannlige barnehagelærere.

§  Barnehagelærere og assistenter trenger kontinuerlig kunnskapspåfyll. Vi vil gi både barnehagelærere og assistenter tilbud om etter- og videreutdanning, og få flere med mastergradsutdanning i barnehagene.

Lønn

Kvinnedominerte høgskulegrupper i offentleg sektor (lærar i skule og barnehage, sjukepleiarar, spesialpedagogar osv) ber velferdsstaten på sine skuldrer. Kva er ditt parti si løysing på å få utlikna lønnsforskjellen mellom dei og mannsdominerte yrke i privat sektor?

·         Det er lite rettvise i det.

·         Kvalifikasjonar og kompetanse som gjev formalkompetanse gjev og på sikt høgare løn

·         Mastergrad og tilbodet om det i lærarutdanninga gjev høgare løn

·         Etter- og vidareutdanning gjev og høgare løn om den utløyser trinn på stigen som styrer løna

·         Om «Lærar» slik som lege eller sjukepleiar vert ein hegna tittel så er sjansen større for ein fungerande marknad for arbeid som kan gje høgare løn på sikt