Fleire område må styrkast i fylkesbudsjettet

Høgre vil styrke budsjettet til opplæring i fylkeskommunen med 52 millionar.

Utdanningsforbundet Vestland har ved fleire høve tatt opp problemet med den svake økonomien til dei vidaregåande skulane med fylkespolitikarane. Den siste uttalen skreiv vi seinast til finansutvalet 24. november, der vi igjen peikte på tre område vi meiner må styrkast. Fleirtalet i finansutvalet har ikkje tatt omsyn til bekymringane våre for kvaliteten i skulane. Rett nok reduserte dei nedtrekket på ramma med 4,3 mill. og 2 mill. til fagskulen, og dei har lagt inn ein eingongssum på 5 mill. til læremiddel og utstyr. Fleirtalet som stemte for dette, var Sp, Ap, KrF, V, Sv og Mdg. Det å bygge opp att laget rundt eleven og syte for at elevane får timetalet sitt i opplæring med lærar, spesielt for yrkesfagleg utdanningsprogram, som dei har rett på, har altså ikkje fleirtalet tatt omsyn til. Utdanningsforbundet har heile tida peika på at ein må styrke ramma for å halde på kvaliteten i vidaregåande opplæring. Vi har merka oss at partiet Høgre har eit mykje betre forslag enn dei andre. Høgre vil nemleg styrke opplæringa med 52 mill. Av desse legg dei inn 10 mill. til drift av dei vidaregåande skulane og 20 mill. til miljøkoordinatorar. No går saka til Fylkestinget den 14.-16. desember. Utdanningsforbundet oppmodar om at Fylkestinget legg Høgre sitt budsjett til grunn og at ein legg inn ein eingongssum til utstyr og læremiddel henta frå konsesjonskrafta.

Handsaminga av fylkesbudsjettet kan du følge digitalt på Vestland fylkeskommune