- Startside
- Fylkes- og lokallag
- Vestland
- Nyhende
- Debatt om rekrutteringsutfordringane
Debatt om rekrutteringsutfordringane

Fylkesstyret i Utdanningsforbundet Vestland er svært uroa over dei låge søkartala til lærarutdanningane i fylket vårt. Rekrutteringsutfordringane er alvorlege både i barnehage og skule. Det var difor viktig at HVL arrangerte politisk debatt på campusa i Sogndal, Bergen og Stord onsdag 23.august. Tema for alle debattane var kva kommunane kan gjera for å at det skal bli meir attraktivt å jobba i barnehage og skule.