Teatertur til Bergen 25. mars 2023

Publisert: 05.02.2023

25. mars inviterer Utdanningsforbundet Ulvik medlemmane til Bergen for å sjå Heimatt på Det Vestnorske Teateret.

Utdanningsforbundet dekker teaterbillett og overnatting med frukost frå laurdag 25. mars til sundag 26. mars på Scandic Hotell Byparken. Me møtest på ein kafé/pub i nærleiken av teateret nokre timar før framsyninga startar. Etter teaterframsyninga vert det felles middag, som medlemmane kostar sjølv.

Tid og stad: Det Vestnorske Teateret (Logen teater) laurdag 25. mars klokka 18.00

Bindande påmelding innan onsdag 14. februar til: [email protected], eventuelt ved å senda melding på Messenger eller mobil til Eivind: 92 25 30 42.

 

For meir info, sjå vedlegget.