Ynskjer du t-skjorte frå Utdanningsforbundet?

Publisert: 20.11.2021

Styret i Utdanningsforbundet Ulvik ynskjer å gjera litt stas medlemmane. Me vil difor spandera på dykk t-skjorter med UDF-logoen og teksten Utdanningsforbundet Ulvik. Me synest det er viktig å visa oss fram i bygda og at logen vår er noko folk drar kjensle på.

Sidan logoen er tydeleg på t-skjorta, er ikkje dette plagget du tar på deg når du skal på Sara og Marta ein laurdagskveld eller når det er grendafest. Ta den heller på når du skal på Kvasshovden i sommar eller når me inviterer til medlemsarrangement innanbygds eller utombygds.

T-skjortene er i økologisk- og fairtrade-sertifisert bomull.

Om du ynskjer ei slik t-skjorte sender du t-skjortestorleik og fargeynskje til [email protected] Frist er 26. november

Du kan undersøka nærare kva fargar som finst på https://www.gaver-profilering.no/bekledning/t-skjorter/cottover-miljovennlig-t-skjorter

Eivind