Utdanningsforbundet Ulvik støttar Flyktninghjelpen

Publisert: 08.06.2020

Utdanningsforbundet sentralt og lokalt kjempar for rettane til alle menneske.

På årsmøtet i mars vart me samde om å auka den årlege gåva vår til ein veldedig organisasjon. Me er difor stolte og glade over å få støtta Flyktninghjelpen med kroner 8000 i deira arbeid med å unngå spreiing av koronasmitte i område med sårbare flyktningar.