Utdanningsforbundet Øygarden si fråsegn til budsjett 2022 og økonomiplan 2022-2025- Øygarden kommune frå kommunedirektøren og innspel på frå fleirtalspartia.  

Publisert: 31.05.2022

For styret  i Utdanningsforbundet Øygarden 

Utdanningsforbundet Øygarden si fråsegn til budsjett 2022 og økonomiplan 2022-2025- Øygarden kommune frå kommunedirektøren og innspel på frå fleirtalspartia.  

Utdanningsforbundet ttaler seg på vegne av medlemmane våre i oppvekst. Det er ei samla gruppe som stiller seg kritisk til dei foreslegne kutta.  

2021 er snart overstått og me legg bak oss eit svært spesielt år. Å arbeida med born og unge inneberer at ein er blant dei første som merkar samfunnsendringar og samfunnsutvikling. Me ser mykje som uroar oss, auke i vald og truslar, born som utagerer, skulevegring og psykiske utfordringar. Det er knytt stor uro til kva den omfattande digitaliseringa fører til. Erfarne skulefolk og forskarar ropar varsko.   

Utdanningsforbundet sine medlemmar har høg profesjonsfagleg og profesjonsetisk stoltheit. Argumenta våre baserer seg på faglege og etiske vurderingar. Me er forplikta ut frå vårt samfunnsmandat og lærarprofesjonen sin etiske plattform til å varsla når rammevilkåra skaper fagleg og uforsvarlege tilstander.     

Utdanningsforbundet ser at politikarane ikkje har noko lett oppgåve og at det er éin pengesekk, der alle midlane vert fordelt frå. Men om ein meiner alvor med heilskapstenking, bør det være i heile organisasjonen si interesse å prioritere born og unge ved å sikre ressursar til tidleg innsats. Me veit alle at det har store samfunnsøkonomiske konsekvensar når unge fell ut av utdanningsløp og arbeidslivet. I kommunedirektøren sitt forslag til budsjett er dette dokumentert godt. Døme på raudt nivå: “ikkje i arbeid eller utdanning, born med barnevernstiltak , trivsel på skulen og gjennomføring på vidaregåande skule”.  Skal ein bryta sirkelen der ein ser at faglege dårlege resultat heng nøye saman med foreldra sitt utdanningsnivå, samt rekruttera ungdom til omsorgssektoren, er det i barnehagen og skulen ein må starta.   

I Øygarden er det over tid etablert eit narrativ om at oppvekstområdet generelt, og grunnskule spesielt, er tildelt midlar langt utover kva som kan forventast og kva kommunen har råd til. Dette er Utdanningsforbundet sterkt ueinig i. Barnehage og skulestrukturen er slik den er, og det er ein politisk valt struktur. Utdanningsforbundet forventar at ein tek ansvar for denne prioriteringa med nødvendige rammer i budsjettet. KOSTRA-tal som fortel om ei mogeleg innsparing på 22,8 millionar på barnehage og 47,3 millionar på grunnskule, har ikkje rot i verkelegheita. Det er med stor uro me ser på det einsidige fokuset frå politikarar og administrasjon om nedskjeringar i oppvekstsektoren, medan andre sektorar omlag aldri vert nemnt eller sett fokus på.   

Utdanningsforbundet har sett på KOSTRA-tal når det gjeld andre sektorar enn oppvekst. Når me ser på til dømes administrasjon ligg kostnadane skyhøgt over andre kommunar  me samanliknar oss med, og med landsgjennomsnittet. Talet er 71,136 millionar meir enn kostragruppe10 og vel 56 millionar meir enn landsgjennomsnittet. Kvifor tek ikkje politikarane tak i desse tala? Ein av hovudtankane med kommunesamanslåinga var vel at den skulle vera billegare å driva/administrera?  I tala for kyrkje brukar Øygarden 9,741 millionar meir enn andre kommunar i KOSTR-gruppe 10. Kvifor er denne sektoren skjerma for nedtrekk i heile perioden?   

Ein stadig tilbakevendande strukturdebatt medfører usikkerheit og uro for barnehagar og skular. Det ser me allereie, og me ber politikarane lage langsiktige planar for dette  arbeidet, som står seg over tid. Berre slik kan ein sikre demokratiske prosessar i alle ledd.    

Utdanningsforbundet meiner at styrarane må sikrast meir tid til pedagogisk leiing. Administrative oppgåver tek stadig meir av arbeidstida, på kostnad av planlegging av blant annet pedagogisk utviklingsarbeid. Leiarane i barnehage melder òg at det er stort arbeidspress med alle nye oppgåver som er tillagt styrarane etter kommunesamanslåinga.  Me meiner at det må arbeidast for ei innføring av assisterande styrar i fleire av barnehagane. Då sikrar ein meir like rammer for likt arbeid.      

Øygarden oppfyller lovkravet til bemanning i barnehagane, men ikkje meir enn som minimumsnorm. Me meiner at sjølve normkravet må styrkjast, slik at det er fleire tilsette tilstades saman med borna gjennom heile dagen. Ei styrking av grunnbemanninga vil òg gjera barnehagane mindre sårbar og betre rusta til å handtere korttidsfråvær. Dette vil også kunne bidra til å sikra rett kompetanse, på tross av fråvær. Erfaringane under pandemien har vist at det til tider er særleg vanskeleg å få tak i vikarar til barnehagane. Utdanningsforbundet meiner det bør undersøkjast om en slik styrking kan bidra til å redusere sjukefråvær blant dei tilsette, gjennom auka føreseielegheit og redusert belastning på dei tilsette. Tiltaket er blant annet utprøvd i Stavanger, med uttalt suksess.    

Tidleg innsats i barnehagen lønar seg, både på kort og lang sikt.   

Den omtalte minstenorma for lærartettleik blei lovfesta som følge av at kommunane ikkje brukte dei overførte midlane i tråd med intensjonen. Det er viktig å understreke at lærarnorma heiter minstenorm for lærartettleik av ein grunn: Den skal sikre eit minimum av lærarar per elev, og var ikkje meint som eit måltal andre kommunar skulle etterstreba å spare seg ned til. I seg sjølv seier norma ingen ting om kvaliteten på opplæringa eller oppfølginga elevane får. Såleis er dei føreslegne 2,418 millionane i ytterlegare kutt på lærarnorma som ligg i budsjettet ei fallitterklæring. Sidan 01.01.20 har ein i skule og barnehagar kutta 46 årsverk, og det ligg inne forslag frå kommunedirektøren om ytterlegare eit nedtrekk på 36 årsverk i dette budsjettet. Totalt vil dette verte 82 årsverk og me har framleis dei same elevane og borna, stort sett. Utdanningsforbundet voner at når det endelege budsjettet kjem frå regjeringa, finnast det midlar til å rette opp i dette. Utdanningsforbundet har ein forventning om at kommunen brukar desse midlane slik intensjonen er.       

Utdanningsforbundet meiner vidare at det er viktig å sjå på utviklinga innan oppvekstsektoren over tid. Det har over fleire år vore eit tydeleg uttalt ønskje og mål om å redusere talet på born og unge som har behov for spesialundervisning, ved å styrkja det ordinære undervisningstilbodet. Slik skal fleire kunna få nødvendig hjelp, støtte og oppfølging i «vanleg» undervisning. Dette føreset at grunnbemanninga vert auka, altså det motsette av det som skjer i Øygarden.   

Kutt i grunnbemanninga, særleg på noverande tidspunkt er høgst uforsvarleg. Me er i full fart inn i Fagfornyinga, den største og mest omfattande endringa skulen står ovanfor på 13 år. Kapittel 9A i opplæringslova, med skjerpa aktivitetsplikt og dokumentasjonskrav, krev tid og ressursar. Færre vaksne vil redusere moglegheitene til å dele klassar inn i mindre grupper, som igjen vil påverke undervisningsopplegga til dømes i dei praktisk-estetiske faga, moglegheitene for intensiv opplæring i smågrupper, uteskule - og tur moglegheiter, samt generelt redusere moglegheiter for fleksible løysingar og opplæringsmoglegheiter. Me ser og med stor bekymring på moglegheitene til å følgja opp einskildelevar som strevar, både fagleg og psykososialt. Dette krev ressursar, og slik det er per i dag må desse ressursane finnast innanfor eksisterande rammer. Dersom grunnbemanninga reduserast ytterlegare, i tillegg til ein reduksjon i dei sosialfaglege tilsette og fagarbeidarar, vil det vert vanskeleg å ivareta både enkeltelevar og klassar på same tid.    

Dersom dei foreslegne kutta gjennomførast, vil me i tillegg miste ny og høg kompetanse, då det er nyutdanna og ferske lærarar som vil måtte gå først. Utdanningsforbundet er bekymra med tanke på vidare rekruttering, då stor usikkerheit i åra som kjem kan medføre at desse lærarane søkjer seg til andre kommunar. Vikarmangelen er prekær allereie, og mykje undervisning vert allereie utført av ufaglærte. Vikarutgiftene er skyhøge og desse midlane kunne vore brukt på ein mykje betre måte ved å ha fast tilsette vikarar. Det vil gje ei  kvalitativt betre vikartilbod og ikkje minst vil det truleg løna seg ved at sjukefråværet går ned.    

Utdanningsforbundet uttalar seg på vegne av lærarar og leiarar i barnehage og skule, og det er ei samla gruppe som stiller seg kritiske til dei foreslegne kutta. Ein reduksjon i dette omfanget fleire år på rad vil påverke kvaliteten på opplæringa og moglegheitene til god oppfølging av borna våre. Etter vårt syn er det lite samsvar mellom ord og handling, sett opp mot dei uttalte målsettingane, krava og forventningane barnehagen og grunnskulen skal oppfylla. Når læringsresultatet ikkje vert oppnådd, når trivselen og tryggleiken blant borna søkk og når utfordrande saker oppstår er det lærarane og leiarane  i barnehage og skule som vert stilt til ansvar.   

Utdanningsforbundet ser at det er lagt inn forslag om nedtrekk på administrativ leiing i skule og Sfo samt nedtrekk på stillingar i SFO. UTL har gjennom møte med rektorane fått innblikk i rektorane sin kvardag. Rektorane har meldt at det er stor utfordring med alle nye oppgåver som er tillagt dei etter kommunesamanslåinga. Mykje som før låg til det administrative nivået til skulesjefen er no delegert til den einskilde rektor. Eit nedtrekk på administrasjonsresurssen i skule vil ikkje føre til at det blir ro, heller til at dei må springe enda fortare og me kan stå i fare for å miste godt kvalifiserte leiarar.   

SFO har låg bemanning etter nedtrekk  gjort i fjor, der ein og endra vedtektene på bemanning.  Det er i dag 14-16 barn pr vaksen i SFO og ytterleg nedtrekk på stillingar krev, som kommunalsjefen skriv, nytt vedtak på bemanningsnorma i SFO. Foreldre som har borna sine i SFO skal vere trygg på at borna blir godt ivaretatt i den tida dei er der. I tillegg har SFO no fått ein rammeplan som må implementerast, noko som vert krevjande med låg bemanning   

Frå 1.januar vert det innført ny oppvekstreform. Dette er ein barnevernsreform. Kommunen kjem til å få langt meir omfattande oppgåver, både fagleg og økonomisk. Målet er å byggja laget rundt barnet, betre enn kva me gjer i dag, gjennom heile oppvekstløpet. Dette vil krevja betre samarbeid mellom barnehage, skule, førebyggjande tenester og barnevern. Det krev at ein byggjer opp god kompetanse og har ressursar for å driva førebyggjande arbeid, slik at ein tidleg kan avdekke problem. Dette vil kosta på kort sikt, men rett gjennomført gje kommunen store innsparingar på lengre sikt.   

Slik det er i dag klarer me ikkje å hjelpe alle og nokon ender med å måtte bytte omsorgsbase. Borna vert då teke bort frå nærmiljøet sitt og flytta til institusjon eller fosterheim, noko som i tillegg til å ikkje vere det beste for borna, er ei dyr løysing. Ein institusjonsplass frå 01.01.2022 kjem til å koste om lag 200 000,- per månad.   

Me oppmodar dykk på det sterkaste om å sikra oppvekstsektoren gode og realistiske budsjett, slik at dyktige tilsette vert i stand til å gjera denne viktige jobben.   

Utdanningsforbundet veit at eldrebølgja kjem, men ho kjem ikkje i morgon. Ei omstilling og reduksjon av tenesteområdet, i det omfanget som fleirtalspartia sitt budsjettforslag og økonomiplan legg opp til, kan ikkje, etter vår oppfatning, iverksetjast på denne måten over eit så kort tidsspenn. Det er nærliggjande å tru at dette vil kunne påverke sjukefråværet negativt, ein konsekvens ein ofte ser i denne typen omstillingsprosessar. Vidare vil dette kunne medføre ytterlegare slitasje på øvrige tilsette, meir usikkerheit og ufaglærte vikarar inn i barnehage og skule Utdanningsforbundet er innstilt på å bidra til å finna gode løysingar som varetek og styrkjer eit kvalitativt godt opplæringstilbod, men det føreset at ein har realistiske budsjett å driva etter. Dei midlane som fleirtalet har føreslege attendeført frå kommunedirektøren sitt forslag med 5,5 millionar og 750 tusen til pedagogstilling i barnehage monnar og me er glade for dei.  Det same for summen avsett til bøker, det syner at politikarane forstår at det må vera tilgang på bøker der det er best for læring.     

Me vonar likevel at ein fram mot endeleg vedtak 16. desember vil vurdera å gjera noko med  vikarsituasjonen i skule og barnehage, og omfordele fleire pengar for å minska dei store nedskjeringane.   

 «Hola i asfalten ser og kjenner me kvar dag me køyrer på vegen. Hola i borna våre ser me ofte ikkje før fleire år seinare, og då er det vanskeleg og kostbart å reparere.»   

for styret  i Utdanningsforbundet Øygarden 

Aud Karin Oen   

lokallagsleiar