Møte med politikarane

Publisert: 22.11.2021

I november har lokallagsleiar og dei hovudtillitsvalgte i barnehage og skule vore på besøk hos dei ulike politiske partiane.

Vi vitja Arbeiderpartiet 05.11, Posisjonen den 17.11 og SV og Raudt den 20.11. Utdanningsforbundet sitt bodskap til politikarane i kommunen var å forsøkje å gje dei ei forståing av kva konsekvensar kutta i budsjettet for oppvekst får. Vi hadde fokus på at det å vere lærar i barnehage og skule, er verdas beste jobb, men at tronge rammevilkår gjer jobben utfordrande. Vi håper politikarane no satsar på barn og unge, og at vi ser dette att i budsjettet.