Kor blei det av leiken?

Publisert: 28.03.2022

Skoleforskar Peder Haug seier: «Elevenes behov for å leke og bevege seg er undervurdert.»

I år er det 25 år sidan Reform-97 blei innført i norsk skole. Det var ei stor endring å framskynde skolestarten frå sju til seks år.

For at dette skulle bli ei vellukka reform, blei det understreka at den frie leiken skulle vere ein viktig del av opplæringa for seksåringane. Det er jo barnehagebarn vi snakkar om. «Opplæringa skulle gi næring til leiken og leiken gi næring til opplæringa.» Og vidare i reforma: «Det beste frå barnehagepedagogikken skulle kombinerast med det beste frå skolepedagogikken». Fine ord, utan tvil. Og ser ein nøye etter, finn ein ordet «leik» 130 gonger.

Så gjekk det fire år – med opplæring og leik.

I 2001 blei resultata frå dei første PISA-målingane offentleggjorde i Norge. PISA er ein internasjonal skoleundersøking som blir gjennomført kvart tredje år, og måler 15-åringane sin kompetanse i lesing, matematikk og naturfag. Dei fleste europeiske land er med.

Resultatet av desse målingane viste at norske 15-åringar presterte på eit middels internasjonalt nivå i desse tre faga. Og det var tydelegvis ikkje godt nok. Kristin Clemet, som var utdanningsminister den gangen, sa: «Dette var skuffende, nesten som å komme fra et vinter-OL uten en eneste norsk medalje.»

Kor dårleg dette var, blei meir og meir opphaussa, og det førte til store avisoverskrifter over heile landet. Politikarane kom også på banen og ville forklare PISA-sjokket. Kva var då lettare enn å seie at «det er for mykje leik i skolen». Vi hadde ein leikeskole. No måtte det bli ei sterkare vektlegging av skrive- og leseopplæringa, særleg frå 1. klasse. Lekse frå dag ein.

Kva skjer så?

Jau, uendelege diskusjonar i fem år, så kom den nye lova som fekk namnet «Kunnskapsløftet» i 2006. Her er ordet «leik» nemnt fire gonger. Mange barnehagelærarar slost òg i desse åra mot ei ny kartlegging av språk i barnehagen, ei språklæring dei meinte bygde på eit for smalt og instrumentelt språksyn. Det blei sagt at barnehagen blei meir lik skolen, og 1. klasse meir lik dei andre skoleåra frå 1. til 10.

Hausten 2008 blei den obligatoriske skoledagen utvida. Det auka timetalet skulle «auke kvaliteten i opplæringa og gi rom for å styrke elevane sine grunnleggande ferdigheter», som det står, og «å legge til rette for for fysisk aktivitet.» I praksis har det vist seg at det auka timetalet i 1. klasse på dei fleste skolar blir brukt til teoretiske fag som lesing og matematikk. No var det ingen store avisoverskrifter.

Kvifor er leik viktig?

Leiken stimulerer alle sider ved eit barn si utvikling; dei sosiale, språklege, emosjonelle, motoriske og moralske. Leiken er «jobben» til barna. Det er det verkelege livet «på liksom». Alt er mogleg i leiken, berre fantasien set grenser. Alle ting kan gjerast om til leikar; steinar, pinnar og sand kan bli til hus, båtar, flåter. Barnet kan bli «allmektige» når dei leikar, få til alt, bestemme alt.

Barn i dag har ofte overflod av leikar, men dette kan ikkje erstatte den frie leiken saman med andre.

I ei kartlegging frå 2018 utført av lærarar som hadde hatt 1. klasse dei tre siste åra, kjem det fram at dei synest at 1. klasse i dag er for teoretisk. Det er også stor forskjell på gutar og jenter. Jentene er meir innstilt på skole og likar å teikne, fargeleggje, perle og pusle.

Dette er ikkje så interessant for gutane, som har meir uro i kroppen og heller vil springe rundt i klasserommet og leike tikken. Dei er meir fysiske og det er vanskeleg å få dei til å sitje ved pulten i meir enn 10 minutt.

Seksåringar i skolen i 25 år, kva no?

Psykologar og pedagogar har ropt varsku lenge og konsekvensen av fråvær av spontan leik ser ut til å vere alvorleg. I perioden 2006–2010 auka talet på barn vist vidare til pedagogisk-psykologisk teneste med 78 prosent, og i perioden 2004–2019 auka talet på talet brukarar av ADHD-medisin med 119 prosent.

Barn fødd seint på året har større risiko for å få ADHD-diagnose enn dei som er fødd tidleg på året, og gutar er meir utsette enn jenter. Dette må bety at vi har laga ein skole som kanskje ikkje er tilpassa dei yngste barna, og der sosiale og pedagogiske utfordringar blir forkledd som diagnosar

Professor Terje Ogden, spesialist på åtferdsvanskar, seier det slik: «En av de medvirkende faktorene til adferdsvansker er at elever (gutter) mislykkes på skolen. Vi gir de ikke et skoletilbud de mestrer. De har problem i starten, og ofte går det dårligere og dårligere»

Skoleforskar Peder Haug seier: «Elevenes behov for å leke og bevege seg er undervurdert.»

I haust fekk vi ny kunnskapsminister, Tonje Brenna. Ho har ansvar for barnehagar og skolar. Kanskje ho har tenkt å gjere noko med seksåringane?

utdanningsnytt.no