Har historia gått i gløymeboka, Ap?

Publisert: 03.10.2022

Det norske utdanningssystemet og norske lærarar har mykje av æra for at me bur i verdas rikaste land.

Den lengste lærarstreiken nokon sinne vart denne veka avbroten, ved at regjeringa tok i bruk tvungen lønsnemnd. Alle dei tre lærarorganisasjonane har streika sidan juni, utan at arbeidsgjevar KS eller det politiske Noreg har vist vilje til å imøtekomma organisasjonane sine krav. Det er mykje å sei om det, men denne mangelen på politisk engasjement eller ansvarskjensle for norsk skule si framtid, går inn i historia som ein skamplett.

Ap, LO og politikarane i KS-styret har motarbeida denne streiken. Dei ser ut til å gløyma den plassen skulen og lærarane har hatt i det sosialdemokratiske prosjektet etter 2. verdskrig. Det er ei skremmande side av denne konflikten som må fram i lyset.

 

Då landet vårt låg i ruinar etter krigen, var det skulen som var den sentrale arenaen for attreisninga og vidareutviklinga av samfunnet. Det har gitt oss ein velferdsstat som manglar sidestykke i verda. Kompentansen i befolkinga er høg, og me har vore verdsleiande i omstillingsprosessar gjennom historia. Ikkje minst då oljealderen starta på slutten av 1960-talet og fram til i dag, då norske verksemder sit i førarsetet i omstilling til det grøne skiftet, har kompetanse vore avgjerande for utvikling av samfunnet. Det norske utdanningssystemet og norske lærarar har difor mykje av æra for at me bur i verdas rikaste land.

På 1950-1970-talet, då Ap var nærmast eineveldig i norsk politikk, vart det satsa på utdanning og skule i stor skala. Mange har kalla denne tida ein utdanningseksplosjon. Det vart brukt store summar på denne utbygginga; fordi det var viktig for landet. Skulen var nøkkelen til at alle skulle ha dei same muligheitene, tilgang på velferdtenester og eit godt liv – det var eit hovudfokus i norsk politikk. Læraren hadde respekt i samfunnet, og det vart satsa mykje på å bygga skulebygg, ha tilgjengelige læremiddel og ikkje minst; nok kvalifiserte lærarar i klasserommet. Alt dette var viktige rammevilkår for at læraren skulle få gjort jobben sin på vegner av samfunnet.

Kva skjedde på vegen? Utviklinga dei siste 10-15 kan tyda på at dagens tillitsvalde i Ap og LO har hoppa over desse sidene i historieboka. Ingen med ansvar for samfunnsutviklinga ser ut til å lytta når lærarorganisasjonane på vegner av norske lærarar påpeikar forfallet i skulen. Det kan vera farlig for landet vårt og vidare utvikling av velferdstjenester og næringsliv. Det vil gå ut over oss alle, difor ropar no norske lærarar varsku. Det vil ikkje slutta sjølv om streiken er over.

Lærarorganisasjonane har gjennom den 100 dagar lange streiken peika på at me står midt i ei rekrutteringskrise i norsk skule. Når 1 av 5 som underviser i norske klasserom mangler lærerutdanning, er det svært alvorlig for kvaliteten på skuletilbodet elevane har rett på. At det ikkje ser ut til å uroa politikarane at over 50% av spesialundervisninga vert gjennomført av ukvalifiserte er og svært alvorlig. Desse elevane skulle hatt lærarar med spisskompetanse for å få rettane sine ivaretekne. At dei vert nedprioritert på denne måten er uverdig. Samfunnsøkonomisk står det til stryk å ikkje tilby ein skule som inkluderer fleire med ulike utfordringar.

Mange lærarar sa før streiken at dei ville slutta i jobben og søkartala på lærarutdanninga landet over har stadig færre studentar. Me ser konturane av eit skremande framtidsbilete når det gjeld framtidas skule; og dermed framtidas samfunn.

 

Det er fleire hendingar i løpet av desse 100 dagane som er urovekkande. Først er det verd å minna om at KS sitt hovudstyre har eit raud-grønt fleirtal. Desse styrer KS. Korleis kan det då forklarast at KS som arbeidsgjevar snakkar ned lærarane sin kompetanse, med uttalar om at andre utan lærarutdanning kan gjera ein god jobb som lærar? Kor blei det av alt snakket om kor viktig kunnskap og utdanning er for framtida? Kva gjer at det ikkje er viktig lenger?

Alle veit at utdanning og kompetanse er viktig. Framtidige arbeidsgjevarar i alle sektorar vil trenga arbeidskraft i framtida. Å sikra at flest mogleg blir inkluderte i arbeidslivet, er difor avgjerande for både den enkelte og samfunnet. Samfunnet vil vera i stadig endring. Då må fokuset på skulen og utdanningssystemet sin plass i samfunnet fram frå skuggedalen.

Norske lærarar vil fortsetja kampen for framtidas skule. Skal dette viktige samfunnsoppdraget fungera, må og politikarane framover ha eit heilt anna fokus enn det me har sett denne hausten. Det er å ta eit felles samfunnsansvar.