Om å vere medlem i ei fagforeining

Sogn og Fjordane

Av mange gode grunnar til å vere fagorganisert, er det for dei fleste ein som toppar lista: Vi vil ha hjelp dersom vi får problem på arbeidsplassen. Medlemskapen er ei forsikring om at vi ikkje står åleine i ein vanskeleg situasjon. Sjølv om det store fleirtalet av medlemmene truleg aldri treng hjelp frå tillitsvalde, er denne tryggleiken viktig for oss.

Publisert 30.07.2018

På same måten tenker vi når det gjeld hus, leilegheit, bunad og anna som er verdfullt for oss: Vi teiknar forsikring. Det er lite sannsynleg at vi vil ha bruk for forsikringane våre, men vi ynskjer å vite at hjelpa er der viss uhellet eller ulukka skulle vere ute.
 
Med 176000 medlemmer har Utdanningsforbundet mykje ressursar og stor påverknadskraft. I tillegg til å hjelpe medlemmer som får vanskar i arbeidsforholdet sitt, arbeider vi òg for eit best mogleg avtaleverk som skal gje alle lærarar gode vilkår for arbeidet vi utfører i barnehage, skule og elles i utdanningsløpet. At vi organiserer dei aller fleste utdanna lærarane her i landet, gjer oss til ein mektig motpart i forhandlingar. Vi oppnår mykje, sjølv om vi alltid ynskjer å nå gjennom med endå meir av politikken vår.
 
Likevel kan våre medlemmer oppleve at dei ikkje får det dei har krav på etter avtaleverket. Eit klassisk døme er barnehagelæraren som må vere vikar i planleggingstida si, men som ikkje får att timane og heller ikkje får overtidsbetaling. Eller læraren i skulen som reiser på telttur med elevar, utan å få ekstra betaling for dette. 
 
Kvifor skjer så dette gratisarbeidet? Det kan då ikkje vere lov? Svaret er ganske enkelt, men likevel vanskeleg. Enkelt fordi ingen kan påleggast å arbeide utan løn. Vanskeleg fordi vi gjer det likevel – «frivillig». Vi ynskjer ikkje at dårleg økonomi skal gå ut over barna eller elevane, vi har ikkje samvit til å komme på jobb i barnehagen utan å ha planlagt det som skal skje, vi gler oss til å reise på tur, det er ingen andre som krev å få att timane sine, denne teltturen er ein tradisjon på skulen... 
 
Og det er jo Utdanningsforbundet sitt ansvar at avtaleverket vert følgt, ikkje sant? 
 
Tanken bak «brannkassene» som vart oppretta her i landet på 1800-talet, var at fellesskapen skulle hjelpe til når einskildpersonar vart utsette for brann eller andre ulukker. Risikoen vart fordelt på dei som melde seg inn og betalte til kassa, og det var ei felles interesse å halde risikoen så låg som råd. Etter kvart har brannkasser blitt til forsikringsselskap, som med tida kanskje har fått like mykje fokus på forretningsdrift som på å vere til hjelp når nokon kjem i vanskar. Men som forsikringstakarar har vi framleis ansvar for å halde risikoen for skade så liten som råd. Det gjer vi m.a. ved å reparere lekkasjen på badet, halde takrennene reine for lauv og rusk og følgje trafikkreglane når vi køyrer bil. 
 
I arbeidslivet er dei fleste avtalene forhandla av våre tillitsvalde sentralt. Deretter er det tillitsvald på arbeidsplassen og ev. hovudtillitsvald i kommunen som skal sjå til at styrar og rektor følgjer opp det som er framforhandla. Men vel vi likevel å ta att planleggingsarbeidet vårt på kveldstid eller å reise på telttur med elevar sjølv om vi veit at det vert utan godtgjersle, betyr det lite kva den tillitsvalde seier eller gjer. På kort sikt virkar det kanskje best for både barn, elevar og oss sjølve at vi ser bort frå dei rettane vi har, men i det lange løp får vi ei undergraving av vårt felles vern rundt arbeidsvilkåra i barnehage og skule. Eller, på forsikringsspråket: Vi aukar risikoen for skade på det avtaleverket som vernar oss.
 
Mange av våre medlemmer møter opp på klubbmøte og medlemsmøte, gjev innspel til små og store saker i organisasjonen – og respekterer avtaleverket. Det er vi takksame for, og organisasjonen er heilt avhengig av denne innsatsen for å fungere. No kjem ei oppmoding til den som måtte tru at når det ikkje er så viktig kva ein sjølv eller andre einskildmedlemmer gjer: Styrken og vernet vårt ligg i at vi er mange medlemmer som alle opptrer likt, t.d. i slike samanhengar som vi har nemnt her. 
 
Ja, det er Utdanningsforbundet sitt ansvar at lov- og avtaleverk vert følgt. Men det er vi, alle medlemmene som er Utdanningsforbundet!