Kva meiner du?

Sogn og Fjordane

Er det greitt at kollegaen din tener meir enn deg, sjølv om de har like lang utdanning og erfaring som lærarar? Kva kan vi sjølve gjere for at barnehage og skule skal bli endå betre i framtida? Profesjonsetisk råd – treng vi det? Og må vi bruke eigne telefonar og bank-ID i jobben vår? Dette er noko av det vi skal diskutere på fylkesårsmøtet i mai.

100 delegatar frå heile fylket møtest til tre dagar med debatt om korleis vi skal løyse utfordringar i framtida. Fylkesstyret kjem med saker om løns- og arbeidsvilkår, lærarprofesjonen og profesjonsetisk råd. Her er styremedlemmene samde om mykje, men saka om profesjonsetisk råd vert lagt fram for årsmøtet med dissens: Mindretalet ynskjer å vidareføre rådet, medan fleirtalet vil gjere det om til Utdanningsforbundet sitt profesjonsetiske råd. Vi trur også at nokre av tiltaka vi foreslår i dei andre sakene vil skape debatt på årsmøtet.

Frå Luster har vi fått inn ei sak om mobilbruk i jobben, som vi òg legg fram for årsmøtet til diskusjon. Saksframlegg til dei ulike sakene finn du her:

Løns- og arbeidsvilkår
Profesjon - Kvalifisert, engasjert og ansvarleg
Profesjonsetisk råd
Vedtektsendringar
Saker innmelde av lokallaga


Kvart lokallag sender minst to delegatar til årsmøtet. Ta kontakt med din tillitsvalde, eller lokallagsleiar, viss du har synspunkt på noko av det som skal takast opp på årsmøtet!