Ei julegåve med meining

Sogn og Fjordane
Foto: Flyktninghjelpen/Christian Jepsen

33 millionar barn og unge er på flukt i verda. Utdanning er viktig for å ruste dei til framtida, men kan òg vere eit fast haldepunkt i eit elles kaotisk tilvære.

Utdanningsforbundet samarbeider med Flyktninghjelpen om å skape bevisstheit rundt barn og unge sine rettar, og om kor viktig utdanning er. Saman vil vi dessutan arbeide for å ta i vare interessene til lokale lærarar, og tilrettelegging av konstruktivt samarbeid mellom styresmaktene og lærarorganisasjonane.

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane har gitt 1 kr for kvar medlem i julegåve til Flyktninghjelpen, for å bidra til det viktige arbeidet som vert gjort verda over.

Med dette ynskjer vi alle våre medlemmer og tillitsvalde ei god julehelg, og alt godt for det nye året!