Besøk på høgskulen

Sogn og Fjordane

Vel 7.000 ungdommar startar på lærarutdanning denne hausten. Mange av dei til det stadig meir populære studiemiljøet i Sogndal.

Publisert 15.08.2017

I desse dagar strøymer nye lærarstudentar til Sogndal. Pedagogstudentane, Utdanningsforbundet sin studentorganisasjon, vert å finne på stand i Sogndal denne veka - representert ved Kristine Odgaard Jacobsen frå Pedagogstudentane sentralt. Med seg på standen får ho fylkesstyremedlemmene i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane, Heidi Rennestraum og Anita Holm Cirotzki. Vi ønskjer studentane velkomne til nytt studieår - og all mogeleg lykke i studietida.