Hopp til innhold

Pensjonistrådet si rolle

Sogn og Fjordane

Pensjonistrådet i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane er eit rådgjevande organ for fylkesstyret. Rådet skal drøfte og fremje saker som gjeld pensjonistane sin spesielle situasjon, og bidra til å skape møteplassar for pensjonistmedlemmene.

Retningslinjer for pensjonistrådet

Føremål

1. Pensjonistrådet i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane er eit rådgjevande organ for fylkesstyret. Rådet skal drøfte og fremje saker som gjeld pensjonistane sin spesielle situasjon, og bidra til å skape møteplassar for pensjonistmedlemmene.

Organisering                                                                                                                                 

2. Pensjonistrådet vert oppnemnt av fylkesstyret, som også fastset kor stort rådet skal vere. Oppnemninga skjer etter framlegg frå pensjonistrådet/fylkesstyret og pensjonistkontaktar i lokallaga, og gjeld normalt for årsmøteperioden.

Rådet konstituerer seg sjølv. Fylkesstyret oppnemner ein kontaktperson til rådet.

Det vert gjeve melding til sentralplanet om val av leiar og kontaktperson.

Arbeidsområde og arbeidsmåte

3. Pensjonistrådet arbeider etter retningslinjer godkjende av fylkesstyret. Pensjonistrådet skal arbeide innanfor Utdanningsforbundet sitt politiske program, vedtekter og vedtak gjorde av organ med avgjerdsmynde.

4. Pensjonistrådet skal handsame saker dei får frå fylkesstyret, i tillegg til sjølv å ta opp og komme med framlegg om vidare handsaming av saker innafor eigne arbeidsområde.

5. Leiar for rådet har ansvar for oppsetjing av sakliste og innkalling til styremøte. Referat vert skrive av sekretær i styret og sendt over til leiar. Sekretær sender referata til fylkesstyret, det sentrale pensjonistrådet og lokallaga.

6. Kontaktpersonen frå fylkesstyret er sekretær for rådet.

Arbeidsfordeling

7. Pensjonistrådet avklarer med fylkesstyret ved fylkesleiar kva fylkeslaget skal bidra med av praktisk hjelp til sakshandsaming, utsending m.m. Rådet kan etter avtale nytte kontorutstyr og kontorlokale på fylkeskontoret.

Økonomi og aktivitetar

8. Pensjonistrådet disponerer ikkje eigne budsjettmidlar. Rådet utarbeider oversikt over aktivitetar som dei ynskjer å setje i gong og stipulerer utgifter. Det skal utarbeidast årlege aktivitetsplanar. Søknad om igangsetjing skal sendast fylkesstyret/arbeidsutvalet.

Representasjon

9. Pensjonistrådet har fylgjande representasjon:
- ein representant med tale- og forslagsrett i fylkesstyret
- to representantar med tale- og forslagsrett på fylkesårsmøtet
- ein representant på aktuelle kurs etter drøfting med arbeidsutvalet
- deltaking på aktuelle kurs for heile rådet etter søknad til arbeidsutvalet