Korleis står det til med din profesjonsstolthet?

Dette var eit av spørsmåla vi reflekterte rundt ilag med ATVar og leiarmedlemmar i barnehage denne veka.

Utdanningsforbundet Rogaland har no arrangert fire kurs/medlemsmøter om «Kvalitet og profesjonsbevisthet - Barnehagelærar- og bemanningsnorm». Det var fylkesleiar Gunn Reidun, organiasjonstillitvalgt Elisabeth, leiarrepresentant Espen og kontaktperson barnehage Kari som hadde kurset.

I tillegg til eigne foredrag var vi heldige og hadde med oss interessanne og engasjerte gjestar: Pia (styrar) og Silje (barnehagelærar) frå Kanvas, dei delte deira gode erfaringar med å jobbe med 50% barnehagelærarar. Dette var inspirerande å høyre på, og mange gode spørsmål vart stilt frå salen og godt besvart frå foredragshaldarane. Politikarane Torstein Tvedt Solberg, AP, og Lisa Marie Ness Klungland, SP, deltok òg for å dele korleis det ligg an med arbeidet for å vedta 50% barnehagelærarnorm og for å styrke bemanningsnormen . Inger Haraldsen frå sentralstyret i Utdanningsforbundet var med oss digitalt, og informerte godt om korleis Utdanningsforbundet sentralt jobbar for normene våre.

Veldig kjekt å vere ilag med ATVar og leiarar i barnehagen og få diskutert dette viktige temaet!        

 

1.jpg     2.jpg

3.jpg  4.jpg