Hils på lokallaget Bokn

Bokn er ein liten kommune som ligg midt mellom Haugesund og Stavanger. Du har nok køyrt mange gonger over øyene våre, men då kan du ikkje sjå at me har kjempeengasjerte pedagogar i kommunen vår. Vårt vesle lokallag har 30 medlemmar og dei sluttar godt opp om laget sitt.

Bokn har ein kommunal barnehage og ein kombinert barne- og ungdomsskule. Me har også medlemmar i kultursektoren.  

Styret er leia av Merete Alvestad som er frikjøpt i 20 % av stillinga si. Ho er også ATV på Bokn Skule og HTV i kommunen. Nestleiaren vår Anne Lisabeth Jøsang, er også leiarrepresentant og jobbar som inspektør. Elles i styret har me frå skulen Bianca M Alvestad og  frå barnehagen Silje Karin Gismarvik og  ATV  Julianne Nilssen som kasserar.   

Det er viktig for oss at medlemmane vert høyrte og ser at dei har kraft til å påvirka i organisasjonen og på arbeidsplassen.  Me jobbar for eit godt samarbeid med leiinga på arbeidsplassane. Me ønsker og arbeider for at politikarane skal lytta til våre meiningar. Laget jobbar aktivt for å auka kjensla av å vera ei samansveisa fagforeining, og organiserer felles opplevingar og engasjerande arrangement ut mot medlemmane. Me er også opptekne av å inkludera pensjonistmedlemmane våre.  
 
Kommunemottoet vårt er «Kjekt på Bokn» og det ønsker me at det skal vera i lokallaget vårt og.