Hels på Utdanningsforbundet Hå

Me i Hå arbeider for ei variert medlemsgruppe med medlemmer frå barnehage, skule, Jærmuseet, folkebiblioteket, PPT, kyrkjekontoret, Tryggheim med fleire. Me har medlemmer i både det private og kommunale arbeidsplassar. Eit av satsingsområda framover vil vere å auke medlemsmassen i barnehagane, samt få fleire arbeidsplasstillitsvalde i barnehage.

Utdanningsforbundet Hå har pr 15.12.21 476 medlemmer, og me gler oss til å bli 500!
Me har eit styre med 7 medlemmer, og er godt representert frå både barnehage og skule.

Simen Sirevåg er lokallagsleiar i 47%. Han er ganske så fersk i rollen, men har tidlegare vore arbeidsplasstillitsvald og medlem i lokallagsstyret. Simen er utdanna faglærar, men har arbeidd fire år i barnehage som pedagog. No har han resten av stillinga si på ATO-avdelinga på Bø skule som faglærar.

Karen-Elise G. Fossen er hovudtillitsvald i 100% (skule og barnehage). Ho har arbeidd som lærar i grunnskulen i mange år, og har lang fartstid i Utdanningsforbundet. Først som tillitsvald på arbeidsplassen i ca. 15 år, og medlem av styret i fleire periodar.
1.desember 2016 tok ho over som hovudtillitsvald. Karen-Elise er og kasserar i lokallaget.

Hå kommune har ca. 19 000 innbyggarar, fordelt på fleire små og større bygder (stasjonsbyar); Nærbø, Varhaug, Vigrestad, Brusand, Sirevåg med fleire.
Det gjer at det til dømes er mange skular, idrettslag og kyrkjer i Hå. I tillegg har me Vitengarden som ligg på Nærbø, Jærstrendene og ein heil haug gardsbruk!