Hels på lokallaget Time

Utdanningsforbundet Time er det største lokallaget på Jæren med over 700 medlemmar, og er den desidert største organisasjonen for pedagog-utdanna i alle ledd innanfor oppvekstområdet. Tre av skulane i kommunen vår får sentralt frikjøp til plasstillitsvald for å følge opp dei store klubbane. Me har aktive medlemmar i alle ledd av organisasjonen vår, som gjer kvardagen spennande og variert!

Marit Vardøy har vore lokallagsleiar sidan 2014. Ho har mange års erfaring frå dei store barneskulane i Time kommune, og har i dag 31 % undervisning ved Bryne skule.   
Kristin Fjermestad har vore nestleiar og hovudtillitsvald for grunnskule sidan 2012. I fleire år kombinerte ho vervet med undervisning på Undheim skule, men blei etter kvart 100% frikjøpt til å vere hovudtillitsvald grunnskule og kommune.  
Jane Marie Grødeland blei vald inn som vikar for Elisabeth Eikeland som hovudtillitsvald Barnehage for inneverande år, i 26% frikjøp. Me får ny hovudtillitsvalt barnehage frå 1.august 2021, då startar Ingjerd Grude Malm som arbeider i Trollongane barnehage. I lag med Marit har hovudtillitsvalt barnehage og ansvar for medlemskontakten med dei private barnehagane i Time kommune.  
  
Time har litt over 19000 innbyggarar. Me har 6 barneskular, 4 ungdomsskular og ein av landets største vidaregåande skular. Me har ein kristen privatskule. På Bryne ligg Bryne kompetansesenter som har brukarar frå Time, Klepp og Hå. Dei er samlokalisert med Flyktningtenesta.   
Det er 17 barnehagar i Time. Av dei er 8 kommunale og 9 private: 6 ideelle og 3 kommersielle barnehagar. 
  
For oss er det viktig å arbeide for best mogleg lønn og arbeidsvilkår for medlemmane våre. Då må me ha tillitsvalde på arbeidsplassane som kan vera bindeleddet mellom lokallaget og medlemmane.  
Vårt mål er å ha gode arbeidsplassar der folk trivest og er profesjonelle utøvarar av yrket, der det er struktur og god praktisering av avtaleverket.