Utvida styreutflukt

Sauda
Styret lokallag Sauda

Det siste styremøte for sesongen var tradisjonen tru lagt til Hustoft. Her var det avtroppande og påtroppande styret samla saman med tillitsvalde og kontaktpersonar.

Publisert: 22.05.2019

Dei mest sentrale sakene i dette møtet var pensjonistarbeid, fylkesårsmøtet og digitalisering.

Det blei ekstra stort engasjement i forhold til mulegheiter og utfordringar med Sauda kommune si innføring av Ipad i skulen frå hausten av.

Når det gjeld fylkesårsmøtet, fortalde delegasjonen om tillitsvald- og representasjonvala og at Ryfylke blei godt representert i det nye fylkesstyret. Sauda si sak om guttepoeng og positiv særbehandling av menn blei etter mye drakamp, vidare med til landsmøtet.

Pensjonistkontakten orienterte om turen pensjonsmedlemmene i Suldal og Sauda skal ha til Hjelmeland og Årdal i juni.

Les mer...