Korleis skal me satsa?

Sauda
Årsmøte 2019
Årsmøte 2019

Det framtidige Sauda var igjen eit hovudtema i lokallaget sitt årsmøte 13. mars.

Publisert: 18.03.2019

Møtet starta med eit kulturelt innslag. Med bravur framførte sju og eit halvt år gamle Vilmer Teig tre flotte og varierte pianostykke.

Årsmøtet vedtok at Utdanningsforbundet må jobba for innføring av guttepoeng ved opptak til lærarutdanninga for barnehage og skule. Vidare uttalte årsmøtet at forbundet må jobba for auka medvit i forhold til positiv særbehandling av menn ved tilsettingar i barnehage og skule.

Fylkesleiar Gunn Reidun Tednes-Aaserød helste frå Utdanningsforbundet Rogaland. Ho hadde kloke ord og gode råd til forsamlinga. Tednes-Aaserød berømma Sauda vidaregåande skule for godt arbeid med å oppretta spesielle studieretningar, og nemnde særskild det store søkartalet til ambulanselinja. I forhold til temaet vald og truslar, påpeika ho at det ikkje startar i skulen, men allereie i barnehagen. Fylkesleiaren kom inn på problemstillingane med «pedagogisk forsvarleg» og manglande ressursar. Tednes- Aaserød var òg innom tariff og mellomoppgjeret samt arbeidstid barnehage.

Dei som tok ordet mest i forsamlinga var pensjonistmedlemmene.

Årsmøtet løyvde mellom anna 2000 kroner til vennskapssamarbeidet Sauda-San Juan Del Sur, øyremerka barnehage- og skuleformål.