Siste styremøte i semesteret

Publisert: 08.06.2020

Ein god gjeng møtte til utvida styremøte i Nyesalen på Folkets Hus torsdag 4. juni.

Ein god gjeng møtte til utvida styremøte i Nyesalen på Folkets Hus torsdag 4. juni.

Både arbeidsplasstillitsvalde samt medlemmene frå det avtroppande og det påtroppande lokallagstyret var invitert til møtet.

Dei mest aktuelle sakene var informasjon frå dei ulike tillitsvalde samt planar om kurs og medlemsmøte i haust. Det blei tatt til orde for å ha eit medlemsmøte i september som ei erstatning for det fysiske årsmøtet, som det ikkje blei noe av. Her vil dei avtroppande styremedlemmene bli takka av. Det blir òg jobba med å få ein kjend føredragshaldarar.

I løpet av styremøtet var det, tradisjonen tru middag for deltakarane. Kraft Kafe bidrog med god sørvis og nydeleg måltid.

Lokallagsleiar vil takka for alle semesteravslutningane på Hustoft og dette siste styremøtet som på gunn av vêret og koronareglane, måtte flyttast til Sauda.

 

Utvida styreutflukt (22.mai 2019)