Årsmøte 2023

Publisert: 22.03.2023

Tysdag 21. mars gjennomførte Utdanningsforbundet Sauda årsmøtet 2023 med heile 49 deltakarar.

Etter ei opningshelsing til årsmøtet frå lokallagsleiar, innleia Sauda kulturskule sine danseelevar årsmøtet med ein flott, sjølvkomponert regndans som stod i stil med dagens årsmøtevèr. For å markere den internasjonale dagen for Downs Syndrom, var dei ikledd sin eigen variant av "rockesokkar", nemleg regnstøvlar med ulik farge. Ei flott og riktig markering!

Årsmøtet hadde rekordmange saker på agendaen, og det blei til tider gode diskusjonar på enkelte saker. Det er viktig og riktig med engasjement! Me hadde saker både frå barnehage, grunnskule og VGS, i tillegg til generelle saker som gjeld for alle medlemmer. Årsmøtet vedtok i tillegg einstemmig å behandle ei sak som ikkje var innmeld på førehand. Dette gjaldt tidsressursen til rådgjevarar. Saka blei einstemmig vedtatt, og sendt vidare til fylkesårsmøtet i Stavanger 03.-05.mai i lag med andre vedtatte saker. Protokoll vil bli lagt ut på heimesida og sendt ut på e-post til alle medlemmer. 

Bente Dolmen Wigelius debuterte som møtedirigent, noko ho gjennomførte med glans! Avtroppande fylkesleiar Gunn Reidun Tednes-Åserød var invitert gjest frå fylkesstyret, og kom med ei flott helsing til årsmøtet. Både Gunn Reidun og Bente blei påskjønna med ei lita helsing frå styret. 

 

Me ynskjer å takke valkomiteen, Kristine Rolfsen og Liv Eldrid Andersen, for godt arbeid i valkomiteen, og takkar Liv Eldrid for framifrå innsats i komiteen. Ho vil bli påskjønna ved seinare anledning. Kristine blir med vidare i komiteen, men treng fleire på laget. Gje beskjed om du ynskjer eller kjenner nokon som ynskjer å bidra. Takk til alle involverte for godt gjennomført årsmøte. 

 

Mvh Stefan, lokallagsleiar