Årsmøte 2022

Publisert: 29.04.2022

Tysdag 26.april samla 25 stk seg fysisk for første gong på 3 år på Folkets Hus for å gjennomføre årsmøtet til Utdanningsforbundet Sauda.

Nestleiar Arne Austarheim opna møtet og ønska velkommen til fysisk årsmøte. Hogne Wathne Helgesen frå fylket helsa frå fylkeslaget og heldt eit innlegg på slutten av møtet der han snakka om utfordringane lærarane har møtt etter 2 år med pandemi. Han var også innom lønnsforhandlingane som snart er ferdige.

Årsmøtet vart opna kulturelt av Maximillian Zak som spelte "River Flows in You" på piano. Kåre Rød avslutta med å lese utdrag frå fleire av Kjartan Fløgstad sine bøker.

Dei vanlege årsmøtesakene vart gjennomgått og vedtatt.

Årsmøtet vedtok mellom anna å støtte Vennskapssamarbeidet Sauda-San Juan del Sur med kr. 2000,- , flyktningehjelpen med kr. 5000,- og TV-aksjonen 2022 Leger utan grenser med 2000,-.