Adventstreff for pensjonistmedlemmene

Publisert: 01.12.2022

Onsdag 30. november var det tid for det årlege adventstreffet for pensjonistmedlemmene på flotte Kløver hotell .

God mat, god drøs og gode musikalske innslag gjorde sitt til at dette blei ein særs triveleg kveld. Pensjoniststyret hadde kalla inn medlemmene under temaet "sjømannsjul", og me fekk fleire tilbakeblikk på korleis jula blei feira til sjøs i tidlegare tider.

Trekkspelklubben opna ballet i kjent og stødig stil, med ulike songar som satte stemninga for resten av kvelden. Jan og Kløver hotell diska opp med ein knakande god varm- og kaldbuffet. Lokallagsleiar fekk òg lov til å kome med ei helsing frå lokallagsstyret. Veldig kjekt å sjå at fleire av dei nye pensjonistmedlemmene våre møtte opp. Heile 30 medlemmer tok turen for å nyta denne fine kvelden i lag, noko som er nær opp mot halvparten av medlemsmassen i denne gruppa. Det må seiast å vera knakande bra.

Tusen takk for triveleg lag!

Me ynskjer alle pensjonistmedlemmer ei riktig god og varm førjulstid, ei god jul og eit riktig godt nyttår!

 

På vegner av styret

Mvh Stefan