Føredrag med Thomas Seltzer i julegåve

Publisert: 16.11.2021

I år bytta me ut termokoppar med føredrag med Thomas Selzer. Dette blei særs vellykka.

Thomas Seltzer haldt i går føredrag om Amerika for alle oppmøtte på Folkets hus, det vart rett og slett stinn brakke! Knallbra! Lokallagsleiar haddde gleda av å dele ut heile 54 billettar til frammøtte medlemmer, og dei som allereie hadde kjøpt billettar fekk refundert desse. Totalt var det altså rett over 60 av våre medlemmer som kosa seg med Thomas sitt føredrag i går. 

Føredraget var ei slags oppsummering og vidareføring av dokumentaren UXA på NRK, der Thomas gjekk gjennom dei sju eigendefinerte "spikarane i kista" for USA som kultminerte med storminga av kongressen 6.januar. På denne måten fekk me presentert hans subjektive syn på kvifor det har gått som det har gått, eller "KVIIIFOOOR"(ref. Ingolf Håkon Teigene...)

Thomas snakka på både innpust og utpust slik at alle frå Saudasjøen skulle kome seg heim før tunellstenging av NES-tunnellen klokka 21, noko han klarte med glans. No gler me oss til ei travel desember med både pensjonisttreff på KLØVER 01 desember, medlemsmøte med stand-up og middag på folkets hus 07.desember og avsluttande utvida medlemsmøte 09.desember. 

Takk for godt oppmøte og god stemning!