Nytt styre takka for lang og tru teneste

Det nye styret hadde sitt fyrste styremøte torsdag 27.august. Der blei eks-leiar Roar Fiveland gjort ekstra stas på.

Roar takka medlemmane for godt samarbeid og var godt nøgd etter å ha blitt offisielt takka av på styremøtet i går. Møtet blei starta med kake og kaffe. Det var ein eks-leiar i ekstra godt humør som meinte at "det nye styret er muligens det beste nokon gong". Vel, det får tida visa, men det var kjekke ord som det nye styret tar med seg i vidare arbeid.

Roar var invitert som gjest og var med på heile styremøtet, denne gong utan stemmerett, og var til god hjelp og støtte for underteikna som leia sitt fyrste styremøte. 

Lykke til med pensjonisttilværet, Roar!

Publisert: 28.08.2020