Medlemsmøte med underhaldningsinnslag og middag

Utdanningsforbundet Sauda inviterer med dette til medlemsmøte i lillesalen på Folkets Hus tysdag 07 desember kl. 18.30

Dette kurset er gjennomført

Om kurset

Hvor og når?
tirsdag 07. des. kl. 18:30 - 21:00

Sauda Folkets Hus AS

Kyrkjegata 2, 4200 SAUDA

Vis i Google Maps
Påmeldingsfrist

03.12.2021

Praktisk ansvarlig

Stefan Moen Søfting
E-post: [email protected]
Telefon: +4745043586

Faglig ansvarlig

Stefan Moen Søfting
E-post: [email protected]
Telefon: +4745043586

Me startar opp kl. 18.30 med komiker André Ulveseter som vil underholde oss i temaet særskrivingsfeil. Føredraget heiter "Ett ord".  André reiser for tida land og strand rundt om i Noreg med showet sitt, og latteren sit laust når han drar fram det eine dømet etter det andre på korleis særskrivingsfeil av og til kan få uante konsekvensar. 

Etterpå kjem lokallagsleiar med ei lita helsing frå styret, før me avsluttar med middag og god drøs. Ein kan velje mellom "reinsdyr frå Røros" eller "kveite frå Hjelmeland". Lokallaget spanderer underhaldning, middag og ei alkoholfri drikkeeining(bong). Har ein lyst på noko anna, betaler ein det sjølv. 

Påmelding skjer kun inne på sidene her, ikkje på SMS/mail/messenger, alle melder seg på personleg. 

NB: Maks antall i lillesalen er 72 stk, så her er det førstemann til mølla som gjeld. Klarer me å få fylt opp plassane, så vil eg tru det er ny rekord på medlemsmøte! 

Vel møtt! 

Mvh Stefan