God sommar!

Her held Anja Hammerseng-Edin foredrag for ATV og tillitsvalde i Utdanningsforbundet Rogaland

Takk for samarbeidet dette skuleåret med ønskje om ein god og varm sommar. Om du har behov for kontakt og hjelp med noko i sommar er me tilgjengelege på telefon eller e-post. Kontoret vert sommarstengt frå og med fredag 28.juni.

Publisert: 25.06.2019

Utdanningsforbundet Hå, Hå kommune og Hå idrettsråd inviterer alle tilsette og engasjerte medlemmar i idrettslaga våre til foredrag med Anja Hammerseng - Edin 25. september i Jæren Sparebank Arena. Me vil koma med meir informasjon om arrangementet i august, men håpar at du kan setja av kvelden allereie no. Bakgrunnen for at me får ho til Hå er at fleire frå styret og ATVane var samla på kurs i november i fjor. Der avslutta Anja Hammerseng-Edin dagen med eit fantastisk foredrag der ho fortalte om sitt liv, både på og utføre handballbanen.

Hennar utgangspunkt som toppidrettsutøvar med alle opp- og nedturar ho erfarte der, kombinert med ein oppvekst der ho alltid hadde ei kjensle av å ikkje passa inn - dannar grunnlaget for hennar ønske om å hjelpa andre. Ho er utdanna lærar og er oppteken av forsking - og syner til dette i foredraget. Motivasjon og meistring er sentrale stikkord. Me er også veldig glade for at Hå kommune og Hå idrettsråd er med på å arrangera dette. Håpar å sjå mange av dykk denne kvelden!

Håpar at alle får teke ein tur til stranda på Brusand og kanskje tenke som dette:

Stråa teiknar
vinden
sine rørsler
i sanden
- Helge Torvund

 

God sommar!