Kursplan våren 2022

Kursplanen for Utdanningsforbundet Møre og Romsdal ligg no på nettsidene våre. Du finn den ved å gå nederst på framsida.

No er kursplanen vedteken av fylkesstyret. Dette gjeld både tillitsvalde på arbeidsplassane, lokallagsleiarar og hovudtillitsvalde i Møre og Romsdal. 

Vi gjer merksam på at kursplanen kan bli endra, men vil oppmode våre tillitsvalde til å sette av datoar i kalenderen, og eventuelt gjere arbeidsgjevar merksam på desse dagane.