Fast pensjonisttreff på Tredet

Publisert: 17.10.2022

Vi har hatt ei kjekk pensjonistsamling i dag og vi har gleda av å meddele at det vert pensjonisttreff for medlemmar i Utdanningsforbundet Volda på Tredet kl. 12.00 den første torsdagen i månaden. Torsdagstreff for pensjonistmedlemmar i UDF Volda vår 2023: 5. januar , 2. februar, 2.mars , (6. april Ikkje samling pga påske), 4. mai og 1.juni Utdanningsforbundet Volda spanderar kaffe.

Ein lærar og pedagog vil alltid vere ein lærar og pedagog, enten du er på jobb, heime eller blitt pensjonist. Vi i lokallaget vil få til faste møtepunkt for deg som er pensjonist. 

Visste du at pensjonistmedlemmar kun betalar 600,- i året i kontingent og kan ha ei stemme inn i lokallagsstyre via pensjonistkontakt, behalde forsikringordningar, medlemsblad, delta på lokale og regionale arrangement m.m

I lenka under kan du lese om kva du som pensjonistmedlem i Utdanningsforbundet kan få: 

Pensjonist i Utdanningsforbundet – du kan fortsatt være medlem