Kvalitetsplan for skule og barnehage

Kvalitetsplanen skal seie litt om kva som er målet med opplæringa i Giske. Barnet skal stå i sentrum. Eit utval av representantar frå administrasjonen, skulane og barnehagane samt tillitsvalde møtast kvar månad for å diskutere og finne felles forståing av kva ein meiner er viktig. Nytt denne gongen er at ein har invitert elevar frå 5. - 10. klasse til å vere med i prosessen og kome med sine innspel.

Målet er at planen skal vere ferdig til hausten, og så skal den behandlast av politikarane.

Publisert: Publisert: 23.03.2017