Tung tids tale

Det er den internasjonale kvinnedagen i dag. Nestleder Torill Beitdokken har skrevet noen ord i anledning dagen.

Det heiter ikkje: eg – no lenger
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykke så er ho ikkje lenger berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi

Alt det du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver eit bål, strål varme ifrå deg!

Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt mot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne
at du er varm!

Halldis Moren Vesaas, 1945

I Noreg blei den internasjonale kvinnedagen markert for fyrste gong i 1915, med eit folkemøte for fred. I motstandsrørsla og i konsentrasjonsleirar fann kvinner saman under den andre verdskrigen og markerte dagen i skjul. I 2022 markerer vi nok ein gong kvinnedagen, samtidig som det herjar ein storkrig i Europa. Dei skremmande nyheitene slår innover oss som ei bølje og vi kjenner korleis redsle og bekymring spreier seg i kroppen. Her i Noreg har vi snakka om krigen som om den andre verdskrigen har vore den einaste. Den brutale sanninga er at det alltid er krig ein stad. Forskjellen er at krigen nå går føre seg på dørhella vår, og at det er nabolandet vårt som har gått til eit heilt uforståeleg angrep på Ukraina.

Sjølv om vi på ingen måte skal underspele lidingane menn er utsette for i krig, veit vi at krig rammar barn og kvinner ekstra hardt. Krigens folkerett forsøker å lage reglar for å hindre unødige lidingar, men krigsmakta går likevel til åtak på sivile mål som sjukehus og skular.
I krig blir det kvinners ansvar å beskytte barn. Vi ser dei hjarteskjærande scenene på dei dei ukrainske grenseovergangane der familiar blir splitta. Vi ser korleis kvinner prøver å oppretthalde små flikar av normalitet for barna sine.

I møte med krigsutsette barn blir kvinnedominerte omsorgsyrke viktige. Barn som veks opp i kriser treng utdanning. I 2016 var det om lag 37 millionar barn i ungdomsskolealder som ikkje hadde ein skole å gå til (UNESCOs Global Education Report). Vi veit at talet på barn som ikkje får oppfylt retten til utdanning har auka under pandemien. Retten til utdanning er ein grunnleggjande menneskerett, som er nedfelt i ei rekke internasjonale konvensjonar. Skole og barnehage kan gjere sitt til at barn på flukt får ei oppleving av stabilitet i kvardagen. Skolen og lærarane kan bidra med kunnskap, omsorg, tryggleik, beskyttelse og informasjon. Barn i krig treng akkurat det same. Derfor må Utdanningsforbundet saman med andre presse slik at også dei barna som veks opp i krig blir sikra retten til utdanning. Vi har større mogelegheit til å ta hand om og gje støtte til traumatiserte barn, dersom dei går på skulen.

Sjølv om alle forstår at humanitær bistand i fyrste omgang må handle om å dekke basale behov, er det eit tankekors at Norge er eit av få land som har utdanning som ein del av sin humanitære politikk.

Som lærarar i skule og barnehage har vi den viktige jobben med å ivareta barn som har flykta frå krigen. Vi skal vere bålet som strålar varme ifrå seg. Vi skal vere den trygge handa. Vi skal vere det varme hjartet.

 

Kjelder: Stor norske leksikon, FN, Norad.