Samanslåing av fylkeslaga

Hordaland

I samband med regionreforma har også Utdanningsforbundet starta fleire prosessar med samanslåing av fylkeslag. Oppstart for prosessen for Utdanningsforbundet Hordaland og Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane skjer i Florø med felles samling for fylkesstyra og dei tilsette 17.-18. januar 2018.

Publisert 11.01.2018

På møtet i Florø skal dei to fylkesstyra gjere ei rekkje vedtak. Lokalisering av fylkeskontora, sikring av tilsette sine rettar og oppnemning av eit felles styre er nokre av sakene. I tillegg vil det bli oppnemnt ulike arbeidsgrupper som skal greie ut saker knytt til økonomi, organisering av nytt fylkeslag, hovudtillitsvalde i fylkeskommunen og ansvar og arbeidsdeling mellom dei tilsette. Det blir også sak som gjeld samanslåingstidspunkt. Dette er også eit tema som skal handsamast på representantskapet i Utdanningsforbundet i februar.