Fylkessamanslåing

Hordaland

1. januar 2020 vert fylka Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman. I følgje vedtektene skal Utdanningsforbundet ha eitt fylkeslag i kvart fylke,noko som medfører at Utdanningsforbundet Hordaland og Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane også må slå seg saman.

Publisert 26.02.2018

Prosessen er i gong

Dei to fylkesstyra hadde sitt første felles seminar med påfølgjande separate fylkesstyremøter i Florø i januar 2018. Der vart det gjort vedtak kring:

  • samanslåingstidspunkt
  • kontorstruktur
  • sikring av dei tilsette sine rettar 
  • oppretting av eit fellesstyre og arbeidsgrupper

Utdanningsforbundet Hordaland og Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane har gjort vedtak om samanslåing frå 01.08.2020, noko som krev dispensasjon frå vedtektene. Å skape noko nytt tek tid. I tillegg skal også fylkeslaga ha ordinær drift, med dei ressursane ein har i dag. Målet er at det nye fylkeslaget skal gje minst like godt tilbod til medlemmane som i dag, og at dei skal oppleve at dei vert minst like godt ivaretekne i den nye regionen, uansett kor dei bur. Den nye regionen vil derfor halde fram med to kontor, eitt i Bergen og eitt i Førde.

Fellesstyre og arbeidsgruppene

Likeverd er viktig i ein prosess der to fylkeslag skal slå seg saman. Fellesstyre har derfor lik representasjon frå begge fylkeslaga. Anita Knapskog er vald til leiar for fellesstyret, medan Steinar Strømsli er nestleiar. Fellesstyret skal leie samanslåingsprosessen og fungere fram til nytt fylkeslag er operativt. Det er i tillegg oppretta eigne arbeidsgrupper innanfor organisasjonsutvikling, tilsette, økonomi og vidaregåande opplæring. Gruppene skal bidra til å gjere samanslåingsarbeidet meir effektivt og sikre ei breiare involvering frå begge fylkeslaga. Det er viktig at medlemmane og lokallaga får komme med sine synspunkt og innspel i denne prosessen, derfor vert det også ei høyringsrunde i begge fylkeslaga.

Representantskapet i februar 2018

Representantskapet behandla i februar ei sak som omhandla overgangsordningar og tilpassingar ved samanslåing av fylkeslag. Her vart det gjort vedtak som kort kan oppsummerast slik:

  • Alle aktuelle fylkeslag følgjer eit hovudløp med verknad frå 01.08.2019, men med høve til å søke dispensasjon frå vedtektene.
  • Det konstituerande årsmøtet har 100 delegatar frå kvart fylkeslag, i tillegg til fylkesstyra.
  • Leiar og nestleiar i det nye fylkeslaget skal komme frå kvart av dei to tidlegare fylkeslaga.

Det vil bli utarbeidd eigne retningsliner for årsmøta i fylkeslaga, samt eigne retningsliner for førebuing og gjennomføring av konstituerande årsmøte.

Eit fylkeslag for framtida

I Florø la vi grunnsteinen til eit nytt fylkeslag. Med gode plenumsdiskusjonar og likelydande vedtak har vi lagt grunnlaget for det omstillingsarbeidet vi no skal inn i. Vi har per i dag ikkje svar på alle utfordringar og spørsmål som måtte dukke opp undervegs, men saman skal vi skape eit nytt fylkeslag til det beste for medlemmane våre.

Har du innspel til prosessen eller til eit framtidig fylkeslag, så høyrer vi gjerne frå deg.

Anita Knapskog og Steinar Strømsli
-fylkesleiarar-
Utdanningsforbundet Hordaland og Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane

Dette er klart hittil

  • Samanslåing 01.08.2020, om søknad om dispensasjon frå vedtektene vert innvilga.
  • Det vert framleis to kontor - Førde og Bergen.
  • Ingen tilsette skal seiast opp eller må endre arbeidsstad som følgje av samanslåinga.
  • Stiftingsårsmøte vert truleg i Bergen 12.-14. mai 2020.
  • Stiftingsårsmøte vil ha 100 delegatar frå kvart fylkeslag. I tillegg kjem fylkesstyrerepresentantane.

Fellesstyret

Frå Hordaland

Anita Knapskog, fylkesleiar
Mildrid K. Økland, fylkesnestleiar
Frode Wollberg
Åse Opheim
Turid Strømmen
Vara: Torunn Herfindal

Frå Sogn og Fjordane

Steinar Strømsli, fylkesleiar
Magnhild Hoddevik, fylkesnestleiar
Vivian Frøynes Melheim
Anita Holm Cirotzki
Hilde Kvamsås Aa
Vara: Marion Svarstad

Representantar for dei tilsette

Eva Steinfeld (Hordaland)
Sindre Roska (Sogn og Fjordane)


I tillegg vert det etablert arbeidsgupper som skal ha fokus på

  • organisasjonsutvikling
  • tilsette, arbeidsdeling og kompetanse
  • økonomi
  • vidaregåande opplæring/hovudtillitsvald, fylkeskommune