Kunngjering av skipingsårsmøte

Hordaland

9. juni vert det halde skipingsårsmøte for Utdanningsforbundet Vestland. 226 delegatar deltek gjennom ei digital løysing for å velje fylkesstyre for dei neste tre åra. Årsmøtet skal også vedta fullmakter til det nye styret. Sakspapir vert lagt ut fortløpande.

Publisert 26.05.2020

Årsmøtet vert rådde til å velje til saman 15 styremedlemmer, nokre av desse vert valde som kontaktperson for si medlemsgruppe. Det skal òg veljast leiarrepresentant i fylkesstyret og nestleiar i leiarrådet, varamedlemmer til fylkesstyret og vara kontaktpersonar. Tilsette i Vestland fylkeskommune skal velje hovudtillitsvalde og varaer. Det nye fylkeslaget byrjar arbeidet sitt 1. august, og vil ha åtte tilsette i tillegg til fylkesstyret. Bergen og Førde vert kontorstader for Utdanningsforbundet Vestland