MEDLEMSMØTE 13.DESEMBER 2017

Voss
Opprinnelig fra:
Granvin
Ein flott gjeng med sekk frå Utdanningsforbundet.

Onsdag 13.desember inviterte Utdanningsforbundet Granvin til medlemsmøte. Denne gongen ville me setje pris på våre trufaste og nye medlemmer. Me feira at 100% i Granvin er medlemmer i Utdanningsforbundet av leiarar, barnehagelærarar og grunnskulelærarar. I tillegg har me ei aktiv og kjekk pensjonistgruppe.

Publisert: 14.12.2017

 Medan organisasjonsgraden hjå arbeidstakarar i Noreg går ned, klarar me og organisere 100% i Granvin. Dette er me stolte av, og me har tru på at me er sterke saman! Me er ein liten kommune, og me finn gode løysingar for medlemmene våre i lag med leiarane. Samarbeid er nøkkelen for å skapa ein god barnehage og skule. I tillegg har lokallaget fokusert på å gi mest mogeleg tilbake til medlemmene i form av medlemsmøter, sosiale aktivitetar og profileringsutstyr. På aktivitetane våre møter ca. 2/3 av medlemmene opp, og det er me svært glade for.

På medlemsmøte 13.desember fekk alle utlevert ein tursekk. Målet er at me skal profilera Utdanningsforbundet lokalt og elles der ein måtte ferdast i inn-og utland. Me er sikre på at Utdanningsforbundet er den rette fagforeining for tilsette i framtidas skule og barnehage.

I linken kan du lesa meir om organisasjonstrendar i Noreg:

http://www.arbeidslivet.no/Lonn/Fagorganisering/Antall-fagorganiserte-og-organisasjonsgrad-i-Norge/