KOMMUNESAMANSLÅING

Voss
Opprinnelig fra:
Granvin
Møte i partsamansett (PSU) utval. Oppvekstsjefen i Voss informerer.

Voss og Granvin skal bli ein kommune frå 1.januar 2020. Den nye kommunen skal heita Voss herad. Fram mot 2020 er det eit stort arbeid som skal gjennomførast.

Publisert: 13.06.2017

Arbeidet er godt i gang, og Utdanningsforbundet i Granvin er representerte i prosessen.

Rune Magnar Røthe (HTV) er med desse plassane:

  • Møter i partsamansett utval.
  • Møter i fellesnemd med møte og talerett (ikkje stemmerett).
  • Møter i hovudgruppe oppvekst.
  • Møter i undergruppe for IKT.

Anders Gjerdaker frå Voss møter i hovudgruppe for personal, ei viktig gruppe der løn og arbeidsvilkår blir eit tema.

Frå 1.januar startar Arild Steine som prosjektleiar/ny rådmann. Han kjem frå rådmannstilling i Kvam herad, og han blir ein god og viktig person for å få framdrift i samanslåingsprosessen. Utdanningsforbundet og Fagforbundet har vore med i tilsettinga av prosjektleiar, og me har hatt ei godt samarbeid med plitikarane frå Voss og Granvin.

Som vedlegg finn du informasjonsskriv frå tillitsvalde, nr.3 kjem i løpet av desember 2017.