Kunngjering av ny dato for årsmøte 2020

Publisert: 27.04.2020

I år vart det annonserte årsmøtet utsett grunna situasjonen rundt koronasmitten. Nytt årsmøte er nå bestemt til onsdag 27.mai kl. 17.00-17.30. OBS! Dette årsmøtet er digitalt, og derfor beramma til kun 30 minutt.

I denne situasjonen er det bestemt at årsmøta skal vere digitale, og at det bare skal vere 3 saker oppe. Sak 1 konstituering, sak 2 val og sak 3 fullmakt til styret så dei kan jobbe vidare med handlingsplanen.

Vi håpar at mange kan setje av denne halvtimen. Det er viktig for å få gode val at så mange som råd er med. 

Det kjem meir informasjon om påmelding osv seinare, men vi ber om at de set av tida allereie no.