«Er det ett begrep jeg ønsker at lærerne skal fjerne fra sitt begrepsapparat, så er det begrepet metodefrihet. Det måtte i hvert fall være frihet til å velge mellom det som virker i undervisning i forhold til læring. Det er ingen andre profesjoner som holder seg til et begrep som heter metodefrihet. Du må velge mellom det som virker.»

Professor Thomas Nordahl sa dette i Debatten i NRK 12. mars. Utsegna skapte debatt i sosiale medium. Mange vart provoserte. Det kan eg forstå. Lærarar har i lengre tid hatt ei stigande oppleving av å bli utsette for overstyring. Overstyringa vert driven fram av aktørar som grunngir sine tiltak nettopp med at dei «verkar». Då blir posisjonen nærmast heva over kritikk. Det finst jo dokumentasjon og statistikk, må vite.

Lærarar er opptekne av å undervise på ein slik måte at elevane får eit best mogleg utbytte. Når dei reagerer, handlar det ikkje om å underkjenne at undervisning skal understøtte læring og utvikling hjå elevane. Lærarar er heller ikkje negative til å undersøkje om dette faktisk fungerer. Det gjer dei på ulikt vis kvar dag, også med prøver og testar. Problemet ligg ikkje der.

Problemet oppstår fordi lærarar har eit arbeid som krev klokt skjønn i dei autentiske møta med elevane der alle dei pedagogiske intensjonane skal realiserast. Ein annan professor, amerikanaren Anthony S. Bryk, har kommentert pedagogisk effektjakt på denne måten:

«50 år med intervensjon i utdanningsfeltet har vist oss at omtrent alt kan fungere somme stader, mens ingen ting fungerer alle stader. Det kritiske spørsmålet er derfor ikkje «kva verkar?» Spørsmålet å stille er heller: Korleis fremje effektivitet blant ulike lærarar som møter varierte utfordringar i forskjellige elevgrupper og arbeider i ulike organisatoriske samanhengar?»

Nettopp. Fridomen læraren treng til å velje korleis ho vil gå fram i bestemte situasjonar, er ikkje ein fridom til å velje kva som helst. Heller ikkje kva som helst som «verkar». I kva grad noko verkar, er eit utilstrekkeleg kriterium. Vi må spørje kva det verkar til og for kven det verkar. Korkje lærarar eller elevar er like. Det som fungerer godt for ein, kan vere mindre vellukka for ein annan. Det elev A treng meir av, kan vere noko heilt anna enn kva elev B har bruk for. Læraren må bedømme den faktiske situasjonen og kva ho meiner vil tene kvar elev best. Dette må ho gjere ut frå eit omfattande og breitt samfunnsmandat.

Professor Nordahl tutar med ulvar når han opptrer som våpendragar for styringssystemet i Oslo kommune. Men han har eit viktig poeng. Profesjonelle lærarar har ei plikt til å skaffe seg, og vidareutvikle, ein didaktisk kompetanse. Dei skal vere oppdaterte i dei ulike faga og ha innsikt i resultat frå pedagogisk forsking. Dei må ha oversikt over alle dei ulike mål elevane skal arbeide etter. Og dei må ha innsikt i kva behov elevane har. Ut frå alt dette må dei velje framgangsmåtar dei har tru på. Det er dette vi kallar profesjonell skjønnsutøving. Det er dette vi pålegg oss sjølve i den profesjonsetiske plattforma.

Dette er både eit individuelt og eit kollektivt oppdrag. Læraren er ofte åleine i dei situasjonane der ho må velje korleis ho vil gå fram. Likevel skal vi lærarar, som profesjon, kunne gi samfunnet ein garanti for at dei avgjerdene vi tek når vi underviser, er kloke og gode. Det kan vi berre gjere gjennom å bruke lærarfellesskapet i ulike prosessar for å sikre god kvalitet i yrkesutøvinga. Vi kan ikkje gjere det ved å vandre i flokk etter styringssignal frå dei som meiner å vite kva som verkar.


Artikkelen står på trykk i Utdanning nr. 7/2015.