Gjennom den verdsomspennande lærarorganisasjonen Education International (EI) og andre internasjonale organisasjonar deltek vi aktivt i utdanningsspørsmål i Europa og resten av verda.

Det internasjonale samarbeidet er viktig for å styrkje dei menneskelege og faglege rettane til kollegaer i andre deler av verda, og for å påverke utdanningspolitiske spørsmål i EU-systemet og andre internasjonale fora. Det internasjonale nettverket er òg ei viktig kjelde til nye impulsar, erfaringar og kunnskap.

Utdanningsforbundet driv også eit omfattande solidaritetsarbeid. Vi samarbeider med fagforeiningar og organisasjonar i Afrika, Asia, Europa, Latin-Amerika og Midtausten. Menneskerettsspørsmål, retten til fri organisering, fredsarbeid, kvinnespørsmål og utdanning for alle står sentralt i arbeidet. 

Strategi for Utdanningsforbundets arbeid internasjonalt

International Strategy Union of Education Norway 2016-2019

Kortversjon av rapport for UDFs rammeavtale med Norad 2013-15