Utdanningsforbundet har i haust sett fokus på bemanningsnorma for barnehagane i Sogndal. For 7 år sidan vedtok kommunestyret å redusera bemanningnorma frå 3,0 til 2,85 pr. avdeling i barnehagen. Lokallaget har fleire gonger prøvd å ta opp spørsmålet for å få auka norma att, men utan å lukkast. No i haust har me ilag med Fagforbundet kartlagt bemanningssituasjonen time for time i 4 barnehagar i ei heil veke. Neste steg er å informera politikarane om stoda, og fyrste møte med gruppeleiarane har vorte gjennomført denne veka! Kanskje klarar me å få oppatt norma denne gongen? Iallehøve trur me at me skal klara å få informasjonen ut til politikarane i større grad ved å møta dei til direkte!