Temabilde

Vedtak, sak 2 Verdier og prinsipp for Utdanningsforbundet

Verdiar og prinsipp for Utdanningsforbundet

Utdanningsforbundet sine verdiar og prinsipp tek utgangspunkt i menneskerettane og dei demokratiske grunnverdiane fridom, likeverd og solidaritet. Våre verdiar og prinsipp er forpliktande for medlemmer og tillitsvalde.
 
Grunnlaget for Utdanningsforbundet sitt arbeid finn vi i formålsparagrafen:

• Utdanningsforbundet er ei partipolitisk uavhengig fagforeining for pedagogisk personale innanfor alle utdanningsnivå.

• Utdanningsforbundet skal ivareta interessene til medlemmene når det gjeld lønns- og arbeidsvilkår, og når det gjeld profesjonsfaglege og  utdanningspolitiske spørsmål.

• Utdanningsforbundet skal arbeide for at barn, unge og vaksne får eit kvalitativt godt opplæringstilbod, og for at utdanning skal ha ei sentral rolle i samfunnet.                 
                                  (Vedtekter for Utdanningsforbundet § 2)

Utdanningsforbundet skal vere ei sterk og solidarisk fagforeining
Utdanningsforbundet skal vere ein tydeleg samfunnsaktør. Standpunkta og handlingane våre skal byggje på kunnskap og politisk analyse. Det er ein styrke for organisasjonen at vi kan påverke både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
 
Utdanningsforbundet treng aktive og engasjerte medlemmer, godt skolerte tillitsvalde og handlekraftige organisasjonsledd på alle nivå. Politiske vedtak skal utformast gjennom opne diskusjonar, brei deltaking og demokratiske prosessar i organisasjonen. Medlemsdemokrati inneber også lojalitet mot demokratisk fatta vedtak.
 
Utdanningsforbundet skal ta opp aktuelle tema, setje dagsorden, og vere oppteke av langsiktige og prinsipielle saker. Vi skal stille spørsmål ved tilvande tenkjemåtar og vurdere etablerte standpunkt.
 
Utdanningsforbundet skal engasjere seg breitt i det internasjonale arbeidet. Dette arbeidet er forankra i verdsorganisasjonen vår, Education International (EI), og i Tusenårsmåla til FN. Internasjonalt vil vi samarbeide med andre lærarorganisasjonar og fagforeiningar om spørsmål knytt til utdanning, arbeidsliv og menneskerettar. Gjennom aktiv bruk av medlemskapen vår i internasjonale organisasjonar vil vi gjere oss kjende med internasjonale utviklingsdrag som kan komme til å påverke den nasjonale utdanningspolitikken. Vi vil rette eit kritisk søkjelys på internasjonale føringar som einsidig sett fokus på læringsresultat som kan målast.  Vi vil òg påverke det internasjonale arbeidet til norske styresmakter, vere ein pådrivar for rettferdig handel og motarbeide sosial dumping.

Å sikre barn og unge rett til god og likeverdig utdanning i eit trygt oppvekstmiljø står sentralt i det internasjonale engasjementet vårt. I bilateralt samarbeid med lærarorganisasjonar i andre land skal vi medverke til at retten til utdanning av høg kvalitet blir sjølvsagt over heile verda, og at alle lærarar får gode lønns- og arbeidsvilkår.

Utdanningsforbundet vil verne om og vidareutvikle dei faglege rettane og styrkje organisasjonane sin plass i samfunnet. Vi vil forsvare organisasjonsretten, forhandlingsretten og streikeretten. Vi vil forsvare lærarar, førskulelærarar og leiarar sin rett  til å ytre seg offentleg. Retten til å vere med og påverke arbeidsvilkåra må ivaretakast gjennom dei tillitsvalde på alle nivå.  Medråderetten skal baserast på partssamarbeid og kollektiv påverknad.

Utdanningsforbundet må ha evne til å mobilisere medlemmene og om nødvendig ta i bruk kampmiddel som streik eller andre maktmiddel for å nå måla våre. Gjennom alliansebygging og samarbeid med andre samfunnsaktørar – og gjennom hovudorganisasjonen vår, Unio – vil vi styrkje påverknadskrafta vår.

Utdanningsforbundet skal arbeide for gode lønns- og arbeidsvilkår
Utdanningsforbundet vil arbeide for ein arbeidsmarknads- og inntektspolitikk som sikrar full sysselsetjing. Arbeidstakarane må få ein større del av verdiskapinga i samfunnet.

Utdanningsforbundet vil arbeide for at alle medlemmer skal ha trygge tilsetjingsforhold, medråderett og gode lønns- og arbeidsvilkår. Vi skal basere lønnspolitikken vår på sentrale og kollektive avtalar og arbeide mot individuelle og lokale forhandlingar. Alle medlemmer skal ha tariff- og pensjonsavtale.

For å kunne rekruttere og behalde godt kvalifiserte arbeidstakarar må utdanningsgruppene i offentleg sektor ha eit lønnsnivå som samsvarer med lønnsnivået for utdanningsgruppene i privat sektor. Medlemmene skal ha ei lønn som gir utteljing for utdanning, kompetanse og ansvar. Alle medlemmer skal ha rett og plikt til etter- og vidareutdanning. Å utvikle kompetansen til yrkesutøvarane er eit arbeidsgjevaransvar. Utdanningsforbundet vil vere ein aktiv pådrivar for at nasjonale styresmakter og arbeidsgjevar legg til rette for kompetanseutvikling.

Utdanningsforbundet vil arbeide for reell likestilling og for eit samfunn der kvinner og menn har likeverdige vilkår og blir like høgt verdsette. Likelønnsprinsippet må liggje til grunn for arbeidet vårt, og kvinnedominerte yrkesgrupper skal ha same lønn og lønnsutvikling som mannsdominerte yrke med tilsvarande utdanning, kompetanse og ansvar.

Utdanningsforbundet vil gi medlemmene styrke og tryggleik til å ta opp moglege brot på lover, forskrifter og avtalar. Eit godt arbeidsmiljø er ein føresetnad for å utføre arbeidet på ein god måte og ein føresetnad for utvikling og læring.

Utdanningsforbundet vil arbeide for eit inkluderande arbeidsliv fri for diskriminering på grunn av kjønn, sosial og etnisk bakgrunn, funksjonsevne, religion og seksuell orientering. Alle medlemmer må ha arbeidsvilkår som gjer det mogleg for dei å oppfylle samfunnsmandatet.

Utdanningsforbundet skal arbeide for at alle medlemmer – i både private og offentlege verksemder – skal ha gode, føreseielege og trygge pensjonsordningar. Arbeidet må leggjast til rette slik at den enkelte har eit reelt val mellom pensjonering og vidare yrkesaktivitet.

Utdanningsforbundet vil styrkje kvaliteten i utdanninga
Kunnskap, dugleik og haldningar er grunnleggjande for personleg vekst og utvikling. Utdanninga skal utvikle kritisk refleksjon, sjølvrespekt og gi meistringsglede. Utdanning er avgjerande for å vinne innsikt og forståing, og for å utvikle etisk medvit.

Utdanningsforbundet skal vere ein pådrivar for høg kvalitet i utdanning og opplæring. Vi vil styrkje og vidareutvikle dei sterke sidene i norsk utdanning, og samstundes rette opp svake sider. Vi vil medverke til å finne tiltak for å løyse utfordringane i utdanninga og samarbeide med arbeidsgjevar om dette.

Eit likeverdig og inkluderande utdanningstilbod med høg kvalitet krev statleg styring, nasjonale standardar og god tilgang på ressursar. Å gi arbeidstakarane gode vilkår for kompetanseheving er ein annan viktig føresetnad for å styrkje kvaliteten. 

Kvalitet i utdanningssystemet er å oppfylle dei vide måla samfunnet har vedteke for barnehagen og skulen. Smale testregime og overdrivne dokumentasjonskrav vil både snevre inn det breie samfunnsmandatet og svekkje profesjonaliteten hos yrkesutøvarane. Utdanningsforbundet vil styrkje barnehagen som ein viktig del av utdanningsløpet og sikre og vidareutvikle barnehagen sin eigenart. Vi vil forsvare danningsaspektet i utdanninga og motarbeide eit einsidig instrumentelt læringssyn.

Kvalitet i utdanningssystemet er avhengig av trygge, profesjonelle og fagleg kompetente yrkesutøvarar som tek ansvar for kvaliteten i opplæringstilbodet både enkeltvis og som kollegium. Gjennom god yrkesutøving og fagleg kompetanse vinn vi tillit og legitimitet.

Kvalitet i utdanningssystemet er å gi alle – utan omsyn til kjønn, sosial og etnisk bakgrunn, funksjonsevne, religion og seksuell orientering – rett til likeverdig utdanning og tilpassa opplæring. Utdanningsforbundet ønskjer tilpassa opplæring med tett fagleg oppfølging innanfor eit inkluderande fellesskap. Likeverdige opplæringstilbod må ta utgangspunkt i føresetnadene til det einskilde barnet eller eleven. Barn, unge og vaksne som treng særskild oppfølging, skal ha rett til spesialundervising.

Alle barn, unge og vaksne skal få oppfylt retten sin til utdanning i eit godt læringsmiljø. Vi vil arbeide for eit sterkt offentleg utdanningssystem der styresmaktene tek ansvar gjennom  klar og sterk styring av heile sektoren. Utdanning skal vere gratis og tilgjengeleg for alle. Økonomi skal ikkje hindre unge menneske i å ta utdanning. Offentlege tilskot til private verksemder skal ikkje takast ut som utbyte, men komme barna og elevane til gode.

God og tilrettelagt utdanning kvalifiserer for deltaking i arbeidslivet, både gjennom grunnutdanninga og ved omskolering eller kompetanseutvikling gjennom yrkeskarrieren. Utdanning er avgjerande for å ta fullverdig del i samfunnslivet, utvikle samhald, demokrati og samkjensle og hindre utstøyting og marginalisering.
 
Utdanningsforbundet skal stå for fagleg og profesjonell styrke
Utdanningsforbundet skal ta vare på dei profesjonelle interessene til medlemmene. Vi skal vere eit talerøyr for lærarprofesjonen. Vi skal medverke til felles forståing av kva yrkesrollene inneber, og vi skal støtte medlemmene og hjelpe dei til å handtere dei utfordringane dei møter i yrka. Førskulelærarar, lærarar, leiarar og forskarar som er organiserte i same fagforeining, styrkjer organisasjonen som utdanningspolitisk aktør slik at han vil vere den naturlege samarbeidspartnaren for politiske styresmakter.

Med basis i fagleg, didaktisk og pedagogisk kompetanse og solide yrkesetiske haldningar skal  medlemmene leggje best mogleg til rette for læring og utvikling. Som profesjonelle yrkesutøvarar og som organisasjon tek vi ansvar for at barn og unge og vaksne skal møtast med respekt og anerkjenning. Medlemmene skal – både individuelt og i fellesskap – ha handlingsrom til å utøve yrka med profesjonell fridom. Dei tillitsvalde i Utdanningsforbundet vil derfor vere aktive pådrivarar for å sikre eit profesjonelt handlingsrom og yte motstand der styringsverktøyet til arbeidsgjevar er  i strid med samfunnsmandatet.

Førskulelærarar, lærarar og leiarar har yrke der ein skal prøve å oppfylle tilsynelatande motstridande mål. Dei skal vere med og byggje den kompetansen samfunnet har behov for. Samtidig skal vi motverke negative sider i samfunnet. Utdanningsforbundet må seie ifrå om forhold som påverkar det samfunnsoppdraget lærarprofesjonen skal utføre.

Kunnskapen og kompetansen til lærarprofesjonen byggjer på forsking og praktisk erfaring. Utdanningsforbundet vil styrkje forskingsinnsatsen i utdanningssektoren. Innsatsen må stå i forhold til kunnskapsbehovet og kor viktig sektoren er. Utdanningsforbundet vil utvikle og styrkje den yrkesetiske kompetansen til  profesjonen. Vi vil medverke til å vidareutvikle eit fagspråk som medlemmene kjenner seg att i.

Utdanningsforbundet skal vere ein profilert samfunnsaktør
Utdanningsforbundet skal påverke samfunnsutviklinga og vere ein tydeleg samfunnsaktør som taler på vegner av medlemmene. Vi skal ha offensive og løysingsorienterte haldningar til utfordringane i samfunnet.

Utdanning skal styrast etter demokratiske prinsipp og gjennom folkevalde organ. Vi tek avstand frå marknadsorienterte styringsideologiar. Vi vil arbeide for at det blir nytta demokratiske styringssystem utan preg av marknadsorientert målstyring.

Å vere med i ei fagforeining er den vanlegaste forma for å delta i det sivile samfunnet i Noreg. Fagforeiningar er med og set standard for heile samfunnslivet. Som ei av dei største fagforeiningane i Noreg spelar Utdanningsforbundet ei viktig rolle i arbeidet for å bevare og vidareutvikle velferdsstaten. Ein godt fungerande velferdsstat er ein føresetnad for god og likeverdig utdanning, økonomisk vekst og verdiskaping i alle sektorar.

Utdanningsforbundet byggjer arbeidet sitt på menneskerettserklæringa, på konvensjonane om rettane til barn og kvinner og på ILO-konvensjonane. Vi vil forsvare og profilere desse rettane og konvensjonane nasjonalt og internasjonalt. Dei er grunnleggjande for den profesjonelle yrkesutøvinga til medlemmene og for rolla vår som ansvarleg samfunnsaktør.

Utdanningsforbundet ønskjer eit samfunn prega av toleranse og respekt for ulikskapar og mangfald. Vi vil aktivt kjempe imot alle former for rasisme og diskriminering. Barnehage og skule er viktige fellesarenaer for å utvikle demokrati og toleranse i eit fleirkulturelt samfunn.
 
Miljø- og klimaendringar krev satsing på utdanning og forsking. Utdanningsforbundet meiner at ein arbeidsstyrke med høg fagleg kompetanse og med sterkt utvikla ansvar for miljøet er ein viktig føresetnad for at samfunnet skal kunne handtere miljø- og klimautfordringane.

Utdanningsforbundet skal vere ein premissleverandør når det gjeld  kunnskapsformidling, haldningar og åtferd. Utdanningsforbundet vil arbeide for å oppnå mål innanfor klima- og miljøspørsmål ved å påverke nasjonale styresmakter, arbeidsgjevarar, samarbeidspartnarar og gjennom internt arbeid i eigen organisasjon.


05.11.09

Utdanningsforbundets landsmøte 2009 holdes på Radisson SAS Lillehammer Hotel 2. - 5. november. Har du kommentarer eller spørsmål?

Postboks 9191 Grønland, 0134 Oslo
Besøksadresse: Hausmanns gate 17
Medlemshjelpen: ring 02014

Tlf: 24 14 20 00
Kontakt forbundet

A