Salamander

Vi synes det er trist at ein leiar i utdanningssystemet søkk ned til eit debattnivå der han i realiteten skuldar heile lektorstanden i vidaregåande opplæring for berre å vere oppteken av dei flinke elevane, skriv Ragnhild Lied i Dagbladet.

Innlegget stod på trykk i Dagbladet torsdag 11. februar.

I et debattinnlegg i Dagbladet laurdag 7. februar kritiserer leiar for pedagogisk-psykologisk teneste i Sør-Troms, Edvin M. Eriksen, synspunkt som leiaren av Norsk Lektorlag, Gro Elisabeth Paulsen, har ytra om fråfall i vidaregåande opplæring. Vi i Utdanningsforbundet er òg kritiske til fleire av synspunkta til Paulsen, men vi ønskjer å markere klår avstand til den generelle karakteristikken av lektorstanden som Eriksen tillet seg.

Vi synes det er trist at ein leiar i utdanningssystemet søkk ned til eit debattnivå der han i realiteten skuldar heile lektorstanden i vidaregåande opplæring for berre å vere oppteken av dei flinke elevane. Dessutan meiner Eriksen at lektorane manglar kompetanse i pedagogikk. Det blir ikkje betre av at han gjennom å vise til Bjørneboe-romanen Jonas, samanliknar lektorane med dei ufølsame ”salamanderne” av nokre lærarar og skulebyråkrater som blir teikna i romanen.

Paulsen er leiar for Norsk Lektorlag, ei lita fagforeining som byggjer på ei avskalling i fusjonen mellom fire lærarorganisasjonar som blei til Lærarforbundet i 1993. Ein av fusjonspartnarane den gong var Norsk Undervisningsforbund, tidlegare Norsk Lektorlag. Paulsens organisasjon stal namnet Norsk Lektorlag, sjølvsagt av strategiske grunnar. Likevel er framleis ein klar majoritet av lektorane organisert i Utdanningsforbundet som blei danna etter ein fusjon av Lærarforbundet og Norsk Lærarlag i 2001. Dette gjer Eriksens generaliseringar endå meir urimelege.

Vi forventar at tilsette i skuleverket ytrar seg i tråd med dei verdiar og normer som gjeld for lærarprofesjonen. Det forventar vi av Edvin M. Eriksen òg. 


11.02.10
Ragnhild Lied, 2. nestleiar i Utdanningsforbundet
Ragnhild Lied.

Utdanningsforbundet
Nettredaktør: Stian Skaar

Postboks 9191 Grønland, 0134 Oslo
Besøksadresse: Hausmanns gate 17
Medlemshjelpen: ring 02014

Tlf: 24 14 20 00
Kontakt forbundet

B