Medlemskveld 7. juni 2024

Publisert: 03.05.2024

Velkomen til medlemskveld på Røn samfunnshus, fredag 7. juni, kl. 18.30.

Styret v/ Utdanningsforbundet Vestre Slidre har den store gleda av å invitere alle medlem i lokallaget til sosial samankomst.​

Me byrjar kl. 18.30 med litt informasjon og fagleg påfyll, før me set i gang med aktivitetar og leik. Styret handlar inn snacks og alkoholfri drikke, anna eventuell påfyll ordnar du sjølv.​

Meld deg på til [email protected] / 94836534 innan fredag 31. mai​.

DETTE BLIR MORO!