Det trengst endringar i yrkesopplæringa. Nærare halvparten av elevane droppar ut før løpet er fullført. Det manglar læreplassar. Fleire arbeidsgjevarar vegrar seg for å ta inn lærlingar fordi dei meiner kvaliteten er for svak. I andre tilfelle finst læreplassar, men det manglar kandidatar.
Dette har alvorlege konsekvensar, særleg når vi veit at fullført vidaregåande opplæring er den viktigaste inngangsbilletten til arbeidslivet. Fråfall aukar risikoen for å hamne i trygdesektoren. Halvparten av ungdommane som droppa ut av vidaregåande opplæring i 1999/2000 stod utanfor arbeidslivet i 2008.
Problema er ikkje av ny dato. Å knyte yrkesfaga tett opp til krava til studiekompetanse var sikkert eit velmeint tiltak, men minus¬sidene har vore for mange.
Tida er komen for ei tydeleg kursendring. Legg reformprestisje til sides. La ungdom som vil det, få ei betre praksisretta yrkes- og fagopplæring - dels i skule - dels i arbeidslivet. På den måten kan ein redusere det årelange fråfallet i vidaregåande opplæring.
Kunnskapsdepartementet har tatt initiativet til ein fornya samfunnskontrakt. Målet er at ei rekkje aktørar skal auke innsatsen for å skaffe fleire læreplassar og medverke til høgre status for yrkesfaga. Det er bra, og vi håpar det gir resultat.
Statusen for yrkesfaga må utviklast ved at innhald og organisering i større grad byggjer på yrkesfaglege tradisjonar og behov. Slik det no er, prøver ein å knyte statusen til teori og til den studieførebuande tradisjonen. Dette har ikkje fungert godt nok, verken for yrkesfaga, eller for å sikre ein felles teoretisk plattform for vidare studium. I iveren etter å dekke krava både til fag- eller sveinebrev og til studiekompetanse, er begge tradisjonane blitt svekte.
Vi meiner at ein må slutte å late som om det kan kvalifiserast til yrkeskompetanse og langt på veg til studiekompetanse samstundes. Det må lagast modellar som i større grad spelar på sterke og stolte yrkesfaglege tradisjonar. Og så må dei med fag- og sveinebrev som ønskjer det, etter kvart få tilbod om å kvalifisere seg til høgre utdanning.
Kunnskap og kompetanse er avgjerande bidrag til fornying og til sysselsetjing. Dette er vegen til vidare bygging av verdiskaping og velferd. Europas 23,5 millioner arbeidslause, og særleg den kritiske situasjonen for ungdom, er ei ekstra påminning om å ta nye grep for å hindre utdanningsfråfallet her til lands.
I dei studieførebuande programma har fråfallet så langt vore mindre. Her er teorifaga - breidde og fordjuping - innretta mot studiar ved universitet og høgskular. Men også her må vi vere på vakt - både med tanke på å sikre kvaliteten og førebyggje fråfall, også i høgre utdanning.
Når det gjeld dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, er bildet meir samansett. Gjennom Reform 94 og Kunnskapsløftet blei det lagt opp til ein breiare og meir teoribasert yrkeskompetanse. Det blei lagt inn meir teori dei to første åra, og tanken var at dette skulle kvalifisere for toårig læreplass i privat eller offentleg sektor, og fag- eller sveinebrev.
Samstundes skulle dette også vere ein del av vegen til studiekompetanse. Dermed har opplæringa blitt for sterkt prega av teori som mange elevar opplever som lite relevant, eller som dei ikkje meistrar. Det går dessutan for lang tid før ungdommen møter dei praktiske faga, mellom anna fordi skulane har altfor dårleg og umoderne utstyr. Sjølvsagt trengst det teori i yrkesopplæringa. Men denne teorien må i større grad knytast direkte opp til praktisk arbeid i lærefaga.
Ein føresetnad for modellen var dessutan tilstrekkeleg tilgang på læreplassar. Denne føresetnaden har svikta. Trass i mange kampanjar og oppmodingar blir eit par tusen ungdommar råka av denne svikten kvart år.
For somme blir eit allmennfagleg påbyggingsår alternativet - det gjeld både dei som ikkje får læreplass, dei som er usikre på vegen vidare, og dei som på førehand har valt denne vegen. Påbyggingsåret har stor strykprosent, og kvaliteten blir trekt i tvil, truleg på grunn av stor sprik i forventningane og motivasjonen til elevane.
Kvalitetskrav må prege heile utdanningskjeda. Den vedvarande spagatpolitikken gagnar verken yrkesopplæringa eller høgre utdanning. Og verst av alt er at det påfører ungdom unødige problem. Det som på papiret verkar som gode og rasjonelle standardiserte modellar, verkar ikkje i praksis.
Det held ikkje å tru at slagordet «yrkesretting» skal vere ein trylleformel når teoriutfordringane blir for store. Det må gjerast endringar. Først og fremst av omsyn til yrkesopplæringa. I tillegg til å støtte arbeidet med ei ny «samfunnskontrakt» for yrkesfaga, foreslår vi tre tiltak:
1. Ein gjennomgang av læreplanane i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma med sikte på primært å ivareta behova i yrkesfaga, og i mindre grad leggje vekt på studiekompetanse. Læreplanane må i større grad støtte opp om kvart av yrkesfaga opplæringa skal førebu til.
2. Eit nytt tilbod til dei som ikkje får læreplass, må opprettast. Den vidaregåande skulen må tilby eit toårig praksisretta løp for denne gruppa. Dette opplegget må utviklast i tett samarbeid med arbeidslivet.
3. Det må etablerast eit nytt teoriforankra påbyggingsår for ungdom med yrkesfagleg bakgrunn som vil kvalifisere seg for studiekompetanse og vidare utdanning ved universitet og høgskular, men som ikkje nødvendigvis må ha nøyaktig dei same læreplanmåla som dei studieførebuande programma.
Gjennom desse tiltaka kan relevansen for både praksis og teori styrkast, og opplæringa blir løfta frå dagens spagatposisjon. Det kan medverke til nødvendig fornying og statusheving for yrkesfaga.
Kronikk i Klassekampen 20. januar 2012.