Tor Arne Solbakken, nestleiar i LO, bruker sterke ord i debatten om yrkesfaga. Diskriminering og fordommar er «argumenta» han tyr til. Med det prøver han å imøtegå forslag han ikkje likar. Er det fordommar og diskriminering at ulike utdanningsprogram i vidaregåande opplæring gir ulik kompetanse?

Utgangspunktet for ordskiftet er ein kronikk i Klassekampen 20. januar 2012, der vi foreslo å forsterke praksisprofilen i yrkesfaga. Etter mange utgreiingar og kampanjar
over fleire år er det framleis om lag 30 prosent av yrkesfagelevane som droppar ut av opplæringa, og like mange som kvart år står utan læreplass. Berre det i seg sjølv tilseier endringar, både i struktur og læreplanar. Og vi må ha og ein debatt om kva opplæringa skal føre fram til.

For Solbakken er det visst viktigare at all fullført vidaregåande opplæring skal gje studiekompetanse, nesten uansett kva prisen for elevane er og det samla resultatet blir.

Det er bra at Solbakken vil bryne meiningane sine for å finne gode løysingar, det har vi og ein god tradisjon for å gjøre samen. I den komande stortingsmeldinga vil det heilt sikkert vere mange element vi også er samde om. Utdanningsdebatten bør førast på mange arenaer og mellom mange aktørar, den kan – nesten sjølvsagt – ikkje avgrensast til Samarbeidsrådet for yrkesopplæring, slik Solbakken vil.

Innlegget stod på trykk i Klassekampen 15. februar.