I Klassekampen 30. januar omtalar nestleiar i LO, Tor-Arne Solbakken, synspunkta våre på vidaregåande opplæring som «rå diskriminering av den kunnskap som skal læres på yrkesfaglige studieretninger». Men kven er det som diskriminerer her?

Unio og Utdanningsforbundet ønskjer å auke statusen til yrkesfaga. Derfor tar vi til orde for å styrkje yrkesfaga på yrkesfaga sine premissar. Fag- og yrkesopplæringa rommar mange ulike fag og yrke. Dei har nokon felles utfordringar, mellom anna i å sikre rekruttering og styrkje gjennomføringa.

På den bakgrunnen foreslår vi:

  • gjennomgang av læreplanane
  • sikring og fornying av påkravd utstyr
  • etter- og vidareutdanning for yrkesfaglærarane
  • rett til to års praktisk opplæring for dei som ikkje får læreplass.

Solbakken meiner tydelegvis at fag- og yrkesutdanninga ikkje er attraktiv nok i seg sjølv – men at det attraktive skal liggje i overgang til høgre utdanning. Det meiner vi er ei nedvurdering av den yrkesfaglege kompetansen.

Solbakken syner eit snevert syn på kva livslang læring inneber når han set likskapsteikn mellom livslang læring og studiar som krev generell studiekompetanse. For svært mange handlar livslang læring om muligheit til å spesialisere seg innan eige
fag, gjennom å byggje ut utdanninga si med fleire fagbrev, fagskule og opplæring på arbeidsplassen. For dei som ønskjer seg høgre utdanning – og manglar generell studiekompetanse – finst det fleire muligheiter.

For enda betre å ivareta denne gruppa, tar vi til orde for eit nytt teoriforankra påbyggingsår for dei med yrkesfagleg bakgrunn, som vil kvalifisere seg for vidare studiar.

Til slutt, den andre halvparten av ungdomskullet vel studieforberedande utdanning. Gjennom tre års skulegang tileignar dei seg kunnskap som er grunnlag for vidare
studiar på høgskular og universitet. Vi ønskjer at alle unge skal rustast både til det arbeidslivet og til dei utdanningane som venter dei. Det er ikkje diskriminering. Vi ser at Byggenæringens Landsforening støttar oss, og håper LO tenkjer seg om.

Innlegget stod på trykk i Klassekampen torsdag 2. februar.