Arbeidstida til lærarane er den viktigaste, og dyraste, ressursen i skulen. Difor er det sjølvsagt avgjerande at denne tida blir brukt på best mogleg måte i arbeidet med å oppnå gode læringsresultat.

Det er dokumentert både gjennom Tidsbrukutvalet og andre undersøkingar at lærarane sjølve meiner at så ikkje er tilfelle i dag. I tillegg melder dei at oppgåvene som skal løysast, har blitt fl eire og meir kompliserte.

Arbeidstidsavtalen for leiarar og pedagogisk personale utgjer ei viktig ramme for korleis arbeidstida kan organiserast og brukast. Men avtalen blir ikkje fastsett på fritt grunnlag. Avtalen må halde seg innanfor regelverket slik det er fastsett i form av lov og forskrifter. Alle uklårheiter i dette regelverket kan føre til lokal eller sentral tvist om tolkingar av avtalen. Slike er det altfor mange av.

Arbeidstidsavtalen for skuleverket er spesiell i den meining at den regulerer ei rad tidsressursar for særskilte funksjonar. I tillegg regulerer den ei maksimal mengd undervisning og kor mykje av arbeidstida som er underlagt styringsretten til arbeidsgjevar. Dette betyr at kostnader knytt til auka tid til nye eller gamle oppgåver, eller redusert undervisningsplikt, blir synlege gjennom forhandlingar om avtalen. Slike kostnader må dekkast innanfor den økonomiske ramma som kvar kommune og fylkeskommune har til disposisjon.

I forhandlingar om Arbeidstidsavtalen i skulen er KS som representant for arbeidsgjevarane blant anna oppteken av å auke arbeidsgjevar sin rett til å styre disposisjonen av arbeidstida. Dei er opptekne av at lokale forhold og behov er så ulike mellom skulane at det ikkje er rasjonelt å regulere og normere så mykje av tidsbruken sentralt. Over tid har lokale arbeidsgjevarar fått større styringsrett over arbeidstida. Likevel kan vi lese, ut av mellom anna Tidsbrukutvalet si utgreiing, at det er registrert ein sterk auke i byråkratiske oppgåver. Spesielt gjeld det auka krav om dokumentasjon.

I tillegg melder medlemmene om at den lokale styringsretten blir brukt til å tolke regelverket på måtar som fører til at lærarane blir pålagt meir undervisning enn før.  Dette fører til at stadig fl eire lærarar og leiarar opplever at dei ikkje klarer å prioritere dei oppgåvene dei sjølv meiner er viktigast for å oppnå gode resultat. I tillegg fører det til større skepsis til arbeidsgjevarane og KS sin argumentasjon for auka styringsrett og lokal tilpassing.

Utdanningsforbundet og KS gjekk inn i forhandlingar om arbeidstidsavtalen i haust med mål om å starte ein lengre prosess for at partane skal kome ut av denne negative spiralen gjennom å bygge tillit og prøve ut nye måtar å regulere arbeidstida på. Vi var nær ved å lukkast. Når dette skrivast, er det fare for at usemja blir ein del av hovudoppgjeret.  Vi trur ikkje at det blir lettare å bli einige då.  Det er tvert imot. Dersom usemja blir sendt inn i hovudtariff oppgjeret, trur vi det vil føre til ein forsterka konfl ikt. Å blande auka kostnader knytt til endringar i arbeidstidsavtalen inn i hovudtariff - oppgjeret, vil heilt sikkert gjere det vanskelegare å kome fram til semje i eit oppgjer med ei pressa økonomisk ramme.

Vi har vanskeleg for å skjøne at kommunane og fylkeskommunane har interesse av eit slikt resultat.  Som ansvarlege for resultat i grunnskulen og vidaregåande opplæring, og ikkje minst som ansvarlege for ei nødvendig auka rekruttering av lærarar i åra som kjem, er vi heilt sikre på at det har dei ikkje.

Artikkelen står på trykk i Utdanning nr. 3/2012.